Surnadal JFF inviterer alle sine medlemmer til sitt årsmøte på Thon Hotel Vårsøg 1. mars kl 1900.
Saker ein ønskar behandla på årsmøtet må være sendt til styret innan 15. februar.
Surnadal JFF inviterer alle sine medlemmer til sitt årsmøte på Thon Hotel Vårsøg 1. mars kl 1900.
Saker ein ønskar behandla på årsmøtet må være sendt til styret innan 15. februar.
Todalen I.L. har satsa mykje på lysløypa på Tjønnmyra dei siste åra. Siste nytt er ein sporfres for traktor, som freser og lagar skispor. Tysdag var det premiere for det nye utstyret som har kosta rundt 130.000 og resultatet vart bra, konstaterer Ståle Ansnes.
Les heile sakaPå MøreTre fekk dei seg ein støkk i morgontimane måndag morgon da brannalarmen vart løyst ut, og signaliserte at det var røykutvikling i kranhall syd. Det viste seg etter kvart å være falsk alarm, men før situasjonen var avklart måtte vi gå inn og sjekke, og valgte difor å tilkalle brannvesenet, seier Roar Nordvik som er produksjonsleiar ved Talgø Møretres anlegg på Syltøran.
Les heile sakaInteressa for lokalhistoria er stor i Todalen. Søndag samla Todalen historielag eit 60-tals historieinteressert frå Todalen og omegn til ettermiddagskaffe i Todalen ungdomshus. Nils Røv var hyrt inn som kåsør og underhaldar, og det var ei oppgåve han kom seg godt ut av. Nils Røv hadde to sekvensar, der han i første del fortalte lokale […]
Les heile sakaFørstkomande søndag, 21. januar kl. 15:00, arrangerer Todalen historielag ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Denne dagen blir det program med Nils Røv som både kåserer, viser bilete og spelar munnspel!
Les heile sakaPå elementavdelinga til Talgø MøreTre er det full trøkk om dagen. Denne veka rulla det inn ein rekordarta ordre på støyskjermar på nærare 11 millionar. I tillegg er det mange store ordrar som alt er i hamn og mange som er på gang, fortel driftsleiar Arne Rudningen ved Talgø MøreTre’s elementavdeling i Todalen.
Les heile sakaTre nye filmar på Surnadal kino denne helga; og alle er spesielle på sin måte!
Som herr Feng, ei søt og uskuldig mus som viser seg å vera ein heilt vill meister i Kung-Fu. Han skal hjelpe ekornet Egon og andre dyr med å hindre at den sleske borgarmeisteren øydelegg parken dei bur i. «Det elleville nøttekuppet 2» (6 år) går frå i da fredag 19. januar.
Les heile sakaSkigruppa i IL Søya inviterer til sonerenn laurdag den 27. januar kl. 11.00 på Vang Skiarena. Påmelding med navn, klubb og fødselsår sendas på SMS til Torill Bye tlf. 932 55 282 før kl kl.09.30 renndagen .
Les heile sakaPå 10-dagersvarselet til yr.no meldes det kuldegrader for heile perioden. Nattemperaturen vil variere frå -1 til -10 etter vêrmeldinga, men erfaringa viser at det ofte blir kaldare en meldt.
Les heile sakaSiste året har Stangvik, Todalen og Åsskard vore utan eigen prest. Difor er det med glede desse kyrkjelydane no tek imot sin nytilsette prest Kristin Strand. Søndag startar ho med gudsteneste i Åsskard.
Les heile sakaNorske forfattarar er mest populære for dei vaksne, mens dei unge helst vil krype oppi i trehusa. Surnadal folkebibliotek har funne fram til kva som var deira mest populære bøker i fjor, og det var Edvard Hoems utvandringshistorie som toppa på totale utlån. Den tredje boka i serien, «Land ingen har sett», er registrert med totalt 32 utlån.
Les heile sakaMellom 800 og 900 har så langt sett «Den 12. mann» på Surnadal kino. 17. januar går den som «onsdagstreff». Filmen om Jan Baalsruds dramatiske flukt ligg an til å bli av dei best besøkte i år. Filmen blir difor sett opp laurdag 13. januar (kl. 14) og som «onsdagstreff» 17. januar (kl. 13).
Les heile saka