Basert på registrering av vassføringa i Toåa i perioden frå 1974 til 2015 så definerer NVE 74,0 m3 i sekundet som middelflaum. På morgonkvisten i dag var vassføringa oppe i 74,7 m3/sek, og dermed var vassføringa på flaumnivå før den begynte å gå ned igjen.
Les heile saka
I dag starta Talgø lagersalet på Vintra. På det 20.000 m2 store lageret som fungerer som lager for alle Talgøselskapa, er det dei neste dagane gjort om til eit gigantisk lagersal, der restar av møbelseriar og utgåande modellar, hagemøblar, inner- og ytterdører og mykje anna lagt ut til eit gigantisk restesal som varer tre dagar til ende.
Les heile saka
For Olaug Kvendset stod valet mellom å satse vidare eller å gi seg med mjølkeproduksjonen. Valet vart det siste, og heilt sia i fjorhaust har gardstunet på Utigard Kvendset vore prega av byggeverksemd. Frå påske har det vore full trøkk på fjøsbygginga, og mesta før telen var borte starta Hallvard jr, Aasmund og Asgeir med grunnarbeidet og riving av dei gamle tårnsiloane, fortel Olaug. Med dette arbeidet hadde dei god hjelp av Per Gjeldnes Maskin. – For å få plass til bygge saman det nye mjølkfjøset med det gamle fjøset, måtte også Lundebekken flyttast og leggast i rør.
Les heile saka
I går kveld var det to kampar i aldersbestemte klassar på Søyabanen. G10 Søya/Todalen møtte først eit sterkt sunndalslag som tok leiinga frå start til slutt. Etterpå var det J10 Søya/Todalen som også møtte eit sunndalslag. Dette vart ein langt meir jamnare kamp, som til slutt endte uavgjort.
Les heile saka
Et annerledes medlemsmøte for pensjonistene i Surnadal i dag. Det startet i lokalene til Surnadal Billag AS. Vi fikk en grei orientering om hva som skjer i de gamle lokalene. Og det var svært interessant å høre på de to eierne, Jon Arne Mogstad og Martinus Grimsmo som for tre år siden kjøpte hele greia for ei krone!
Les heile saka
Tyske turistar har ved eit uhell fått eit garn på kroken i Todalsfjorden ved Nordvik. Dei søker no etter eigarmannen og beklagar sterkt at dei kom i skade for å dra opp garnet. Det er inga merking på garnet, men dersom det er nokon som kjenner det att, så er det berre å ta kontakt […]
Les heile saka
På grunn av alle helgedagane var stavgangturen flytta fra til onsdag – og da samla stavganggruppa seg ved Sjøleet på Nordvik, og stavgangturen gikk etter vegen utover forbi Sjøtrøa og til Haltbakkan før dei snudde nasen heimover igjen. På tilbaketuren var det ein lang og god kafferast i gapahuken til Magnar Gjeldnes, før turen gikk […]
Les heile saka
På frigjeringsdagen 8. mai var det fleire veteranar frå tysklandsbrigaden som fekk si påskjønning. I etterkrigstida var det mange som gjorde teneste i ein av dei 12 tysklandsbrigadene som hadde som oppgåve å stabilisere forholda i Tyskland etter krigen. No var det altså tid for å markere dette med ei påskjønning for utført teneste i internasjonale operasjonar. Dette markeres med ei medalje som var innstifta i 2000. I tillegg vart veteranmedaljen for tysklandsbrigaden som vart innstifta i 1990 delt ut.
Les heile saka
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet var innstilt frå kl 11 i dag. – No er det normal drift i sambandet, melder Fjord1 kl 13.41.
No er Vatn Maskinstasjon i gang med oppryddinga etter anleggsarbeidet som har pågått i Falla i vinter. No er det fritt for tele i området, og dermed er det gode forhold for å fullføre arbeidet, seier dagleg leiar Gudmund Ole Vatn i Vatn Maskinstasjon. Han ber om at trafikantane utviser forsiktigheit ved passering i området.
Les heile saka
I dag var det full rulle for Rossåa Settesfisk med utsetting av smolt i Toåa. Før helga vart 1600 2-årig smolt sett ut, og tysdag var tyren komen for rundt 2000 1-årig yngel. No startar dei ei farefull ferd som skal ende langt uti havet. Mange av dei vil nok bukke under på turen, men nokre vil nok kome att som små eller store laksar.
Les heile saka
8. mai er det 120 år sia Hans Hyldbakk vart fødd. Det vil bli markert med kåseri og utstilling på kulturhuset. Kåseriet er ved «Hyldbakk-biografen» Svein Sæter. Og sjølv om Svein både har skrive om og gjeve ut bøker med Hans, fortel han at det stadig dukkar opp nye forteljingar om «Bygdadiktaren». Nokre av dei har til og med røter i andre verdsdelar.
Les heile saka