I går kveld hadde PT-utvalet styremøte og hadde i anledninga fått besøk av Surnadal Senterparti sin leiar Bergsvein Brøske. Bergsvein måtte innrømme at det var han sjølv som hadde invitert seg på besøk etter at han hadde lese på todalen.no at det skulle arrangerast møte hos PT denne kvelden.
Les heile saka
Ski og friidrettsgruppa melder om storveies oppslutning på sesongens første lagseriestemne. Over 20 ungar med stort og smått møtte opp på Bordholmen for å delta i dei ulike friidrettsgreinene. Her var det både lengde, liten ball og 60 meter på programmet før dei populære trøbilane vart henta ut frå redskapshuset. Litt sur og kald vind […]
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag har medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 12.6. kl 1500. Vi får underhaldning frå kulturskulen, vidare song og musikk, orientering, loddsalg og servering. Ta med songboka! Vel møtt!
Nordvik grendalag og Todalen historielag har fått laga ei informasjonstavle om Svinvikrunden. Det blir avduking av tavla onsdag 6. juni i Svinvika. Dette skjer kl. 19.00.
Les heile saka
Trimgruppa åpnar trimsesongen med ny trimbok og kveldstur til gapahuken i Gunnøya onsdag. Dette er ein tur som kan starte i begge endar: både frå Bordholmen eller frå Bønnavollen, og går etter deler av det som skal bli Toåa Tursti. Ein kan gå fram og tilbake eller gå den som rundtur. På fellesturen er det oppmøte ved Bordholmen kl 18.30.
Les heile saka
Også denne veka er det kamp på Bordholmen. Denne gongen er det G10 Søya/Todalen som møter Tingvoll B kl 18 onsdag kveld.
Les heile saka
I Toåa er det store forventninger for årets sesong. Det har vært en bra start på laksefisket i naboelvene Surna og Driva, og det skaper forventninger og optimisme når Toåa «kommer i gang» fra 15. juni.
Les heile saka
Det er for tida ein del varierte utlysningar av ledige stillingar i vårt omland. Vi har sett saman ei lita liste som vi har funne på finn.no, nav.no og Trollheimsporten i eit forsøk på å synleggjere at det slettes ikkje er stillstans på arbeidsmarknaden rundt oss.
Les heile saka
Påmeldingane til årets Todalsdag er i gang, men er det nokon som ikkje har fått tilsendt invitasjon kan de finne informasjon under. Cupen har påmelding i klassane G/J 7 og 8, G/J9 og 10 og G12. Ein av få cupar med gratis påmelding.
Les heile saka
Måndag klokka 18 er det klart for årets første lagseriestemne. Denne aktiviteten er det ski- og friidrettsgruppa som arrangerer, og dei oppfordrar store og små til å ta turen på Bordholmen denne kvelden. Leiar i gruppa er i år Gunnar Nordvik.
Les heile saka
Onsdag 6.juni kl.19.30 er det duka for Vårsongkveld i Ranes kyrkje med fleire kor og instrumentalistar. Her blir det besøk av kammerkoret WOK frå Sunndal kulturskule med dirigent Lone Eines. I tillegg blir to lokale kor med.
Les heile saka
Òg denne månenden har vi plukka ut eitt utval bilete som skal vera med i kåring om å verta månandens bilete. Hjelp oss med å røysta fram det bilete du synest fortena ei lita merksemd.
Les heile saka