Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dialektkveld på Stangvik skule

Elinor Bolme Måndag 29. oktober 2018

Stangvik Historielag inviterer til «dialektkveld» på Stangvik skule tirsdag den 6. november kl . 18.45.

Vi får besøk av Gunvald Bøe, som vi veit har mykje kunnskaper om emnet, han både kjenner mange dialektord, og han kan gje oss forklaring på kvar mange av dei «rare» orda våre kjem ifrå og kva dei tyder. Og i tillegg håpar vi at mange av dei som kjem «har med seg» ord, både slike som enno er ibruk, og slike som «ho bæssmor» bruka – vi skal ta oss god tid til å lufte slike og!

Det blir innlagt ein liten, enkel kaffepause.

Møtet er ope for alle, og vi håpar at mange tek turen til Stangvikskulen denne kvelden, –  VEL MØTT, helsing Stangvik Historielag.

Arkivfoto av Gunnvald Bøe.

Publisert: 29. oktober 2018, 19:02