Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fikk storoksen på kornet

Fikk storoksen på kornet

Jon Olav Ørsal Sundag 22. september 2013

Sørsia jaktlag har hatt hellet med seg i helga, med to elgar og ein hjort som resultat av jakta. Laurdag vart det ein liten elg, ei fjorsku som måtte til pers. Søndag vart det enda betre utteljing, da ein stor elgokse vart felt ved Svarthamran i Haukålia. Det var ein stor og fin elgokse, med stanggevir med 8 takkar.

Les heile saka

Setergrenda i Vålåskaret

Setergrenda i Vålåskaret

Elinor Bolme Sundag 22. september 2013

I går gikk turen til ukjente trakter; Resdalen, med det mål å komme seg på Resfjellet i Meldal kommune. Turen gikk om Romunstadbygda og opp til Vålåskaret i retning Å i bil, og resten til fots fra den spesielle setergrenda i Vålåskaret.

Les heile saka

Tågdalen naturreservat – 14 var på tur…

Tågdalen naturreservat – 14 var på tur…

Vidar Sogge Fredag 20. september 2013

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag møttest torsdag 19. september ved Dønnembrua, betalte bompengar og køyrde til vinterparkeringsplassen på Austre Nordmarka. 14 stykke følgde Bjørg Bruset til hytta til Ingolf Dønnem, medan resten følgde John Dønheim og Per Bruset på ein runde i Tågdalen naturreservat før også dei kom til hytta hans Ingolf.

Les heile saka

Storkonsert i Stangvik kyrkje laurdag

Storkonsert i Stangvik kyrkje laurdag

Bernt Bøe Fredag 20. september 2013

Laurdag 21. september kl. 17 blir Stangvik kyrkje fylt med meir og større velklang enn kanskje nokon gong – nemleg av Luftforsvarets Musikkorps. Med topp solistar på både klaver og orgel framfører dei Griegs populære A-mollkonsert og den mektige Orgelsymfoni av franske Saint-Saëns.

Les heile saka

Låg vassføring skaper problem for stamfisket

Låg vassføring skaper problem for stamfisket

Jon Olav Ørsal Fredag 20. september 2013

Det er no rekordlåg vassføring i Toåa. Det skaper store problem for Todalen elveeigarlag som no skulle sikra stamlaks til Rossåa Settefisk til ein ny generasjon smolt som skal være klar for utsetting i 2015. Vi sett no vårt håp til at regnvêret som er meldt i neste veke kan gje såpass vassføring at vi kan få laksen opp i elva, slik at vi får fanga inn nødvendig utval i stamlaks for å sikre genene, seier ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no

Les heile saka

Skulejogg med stor iver og innsats

Skulejogg med stor iver og innsats

Dordi Jorunn Halle Fredag 20. september 2013

Torsdag deltok vi ved Todalen skule på Skulejoggen 2013. Arrangementet er i samarbeid med SOS barnebyer og Landslaget for fysisk fostring. Den frivillige «startkontingenten» går til SOS-barnebyer sitt arbeid for foreldrelause barn i Mwanza i Tanzania.

Les heile saka

Eldrerådsmøte og «kjøtt og påsse»

Eldrerådsmøte og «kjøtt og påsse»

Martinus Torvik Fredag 20. september 2013

Det kommunale Eldrerådet hadde, som skikken har vorte, sitt septembermøte i Sanitetshuset i Todalen sist onsdag. I tillegg til det tradisjonelle sakskartet hadde Rådet besøk av kommunalsjef Inge Skogheim.Han orienterte om kor saka om bygging av eldrebustader i Todalen står. Tomtespørsmålet er ikkje endeleg avklart. Saka er under arbeide og vil kanskje løysast i løpet av inneværande år.

Les heile saka

Så vart det skulelunch

Så vart det skulelunch

Dordi Jorunn Halle Torsdag 19. september 2013

Onsdag starta vi opp med skulelunsj. Kvar dag samlast vi på SFO-rommet for å ete i lag – kjekt å få maten servert på fat i staden for frå matboks. Grovt brød, sunt pålegg, frukt eller grønsaker – elevane et godt og kosar seg!

Les heile saka

Vegstikkene kjem på plass i kveld

Vegstikkene kjem på plass i kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. september 2013

At vegstikkene blir sett ut er definitivt eit dårleg teikn. Til tross for at det er finvêrsdagar med sol og god temperatur er det ei påminning om det vi har i vente. Vi får berre håpe at Veidekke er tidleg ute med dette arbeidet og at det ikkje blir bruk for dei med det første. Rolf Ole Røv frå Teigan Maskin og Landbruk var iallfall i full gang med å sette opp vegstikker innover Kvennsetgarden, og skulle også ta runden rundt heile Todalen før han tok kveld.

Les heile saka

Rimfrost i natt…

Rimfrost i natt…

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. september 2013

Hausten er i ferd med å feste grepet. I løpet av natt til torsdag er det nok kome rimfrost i vegetasjonen mange plassar. Det er nok ikkje noko unormalt, for vi skriv tross alt 19. september, og må nok rekne med at det blir meir av den sorten. Temperaturmålaren som er montert på eit par meter oppe på husveggen viser minimumstemperatur på +2,5 i løpet av natta.

Les heile saka

Todalen by night…

Todalen by night…

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. september 2013

Praktfull måne over Todalen i kveld. Eit slør av skyer forsterka effekten av fullmånen (fullmåne 19.9.) Måtte berre stoppe og finne fram stativet, og stillte inn kamera etter beste evne. Resultatet ser du ovafor, og det vart fanga inn kl 21.15. Vêrmeldinga går ut på enda to finvêrsdagar med sørvestleg vindretning, før det kanskje blir nokre regndråpar på laurdag. Torsdag og fredag melder yr.no om 6-7 varmegrader om natta og dagtemperaturar opp til 15-16 varmegrader.


Spanande brannvernveke

Spanande brannvernveke

Britt Mossing Tysdag 17. september 2013

Denne veka er det brannvernveke på Todalen oppvekstsenter. I dag hadde vi besøk av Ståle og Ivar med demonstrasjon av brannbilen i Todalen. Vi starta øvinga med brannrekkje frå klasserommet til ballbingen. Der gjekk Ola gjennom alarmplana. Ståle og Ivar fortalde om arbeidet sitt som brannmenn, vi høyrde om alt frå slokking av pipebrann til bruk av hjartestartar.

Les heile saka