I følge politiloggen var det ei utforkjøring i Todalen seint i går kveld, der føraren vart sendt til Orkdal sjukehus med lettare skade. Det er mistanke om promillekjøring. Vi kjenner ikkje fleire detaljar i saka.

I følge politiloggen var det ei utforkjøring i Todalen seint i går kveld, der føraren vart sendt til Orkdal sjukehus med lettare skade. Det er mistanke om promillekjøring. Vi kjenner ikkje fleire detaljar i saka.
Etter vel ein halvtimes straumbrot ser det atter ut til å være normal straumforsyning i store deler av Todalen. Todalsøra er framleis utan straum, på grunn av vindfall over linja. Svorka er på staden for å utbetre linja, og reknar med at feilen skal være retta ganske snart. Straumbrotet skjedde i 21.30-tida laurdag kveld.
Les heile sakaVed 21.30 tida vart det straumbrot i Todalen. Det er ukjent kva som er årsak, om det er lokal eller om det er over eit større omrråde. Vi kjem att så snart vi veit meir om straumbrotet.
Les heile sakaNeste veke er det bispevisitas i Stangvik og Surnadal. Programmet for visitasen ommfattar heile veka frå søndag til torsdag, og blir avslutta med visitasgudsteneste i Øye kyrkje neste søndag. Bispevisitasen startar med viitasgudsteneste i Stangvik kyrkje før turen går til Todalen
Les heile sakaJulehandelen nærmar seg med stormskritt. Julemarsipanen har vore på plass i butikkane lenge, og no er det nok mange som alt har julegåvene på plass. Julemessa i Rindal er overstått, og det er sikkert messe ein eller anna plass i helga, og neste helg er det på Nordvik og siste helga i november er det […]
Les heile sakaI går kveld arrangerte FAU og Todalen bibliotek eigen bokkveld, der det naturlegvis var ope for lån av bøker, men også ei høveleg anledning til å bli kjent med biblioteket og kva det har å by på. Karen Johanne Talgø dreiv for fullt å organiserte bortimot hundre nye bøker som denne dagen hadde komme frå biblioteket i Surnadal.
Les heile sakaKlarte du å løyse gåta for dagens bilete i går? Her får du iallefall svaret.
Les heile sakaTodalen Idrettslag har også i 2014 fått tildelt eit landsrenn i Norges Cup randonne. Sidan dei siste åra har hatt litt problemer med snømengdene, har idrettslaget denne gongen fått tildelt datoen 15. mars 2014. I følge Norges skiforbund si nettside er påmeldinga allerede i gang
Les heile sakaLaurdag 7. desember blir det Hjortfest i Todalen ungdomshus. Det er Todalen idrettslag som er arrangør, med Talgø & Kårvatn jaktlag som vertskap. Billettane til festa er lagt ut for salg på Matkroken L.Hals, og det er lurt å sikre seg billett fortel festsjef Ragnar Halle.
Les heile sakaSøya og Todalen skytterlag minner om årsmøtet hos HammerStuene på Surnadalsøra tysdag 26. november kl 19.00. På saklista står vanlege årsmøtesaker, står det i ei melding frå styret.
Les heile sakaMåndag starta demonteringa av den provisoriske fergekaia i Todalen. Den vart etablert i begynnelsen av august i år, ei vekes tid etter at raset ødela fylkesveg 671 inn til Todalen. Den gjorde så tjeneste til begynnelsen av september, da vegen vart opna for kollonnekjøring.
Les heile saka