Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

– Dem står der når du minst ventar det!

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. januar 2014

Onsdag kveld var det bokstaveleg full stopp i Halsasvingen. To repreresentantar frå det lokale lensmannskontoret, med refleksvestar og lysande raudt signal beordra stopp.  Her var det berre å stoppe og finne fram med førarkort og vognkort i mørket.  Og så vart det blåsing i alkometeret….

Fullt trykk på utpusten, men resultatet vart 00.

Fullt trykk på utpusten, men resultatet vart 00 promille.

Slapp gjennom nålauge og fekk kjøre vidare etter at både førarkort, vognkort og inngrediensane i blodet var godkjent. Tangerte forresten Jahn Teigens MGP-resultat, med 00 i promilletesten! Da dei to politibetjentane Sara Juul og Tor Hansen avslutta kontrollen for kvelden var ingen mistenkt verken for promillekjøring, kjøring utan førarkort eller kjøring utan vognkort. Men ein bil vart avskilta i løpet av kveldens kontroll.

 

 

Publisert: 29. januar 2014, 21:01