Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Adventlotteri – fjerde trekning søndag 4. desember

Jon Olav Ørsal Sundag 4. desember 2022

Denne dagen er det heile 3 gevinstar – det er ei julestjerne med lys – her er vinnaren Tove Talgø Brøndbo. Dei to andre gevinstane er gryteklutar – det eine settet er i raudt og kvitt mønster, medan den andre er einsfarga kvitmønstra. Dei hamnar i Bekkerhagan….

Les heile saka

20-årsjubilant feira med verdigheit

Jon Olav Ørsal Sundag 4. desember 2022

Det vart ein fin jubileumskonsert for kulturhuset, da 2o-årjubileet vart feira med ein flott konsert i Storstua laurdag kveld.  Spesielt vart vi imponert over Batteri som ikkje har spela saman på 5 år, men som fann att tråden både med publikum og kvarandre. Dei beviste enno ein gong at dei er dyktig og kreative musikarar som […]

Les heile saka

Bygdebok nr 5 – Honnstad til Kvammen er klar

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. desember 2022

Laurdag 3. desember var det klart for å presentere bind nr 5 av bygdeboka for Surnadal kommune. Bind nr 5 omhandlar området frå Honnstad og oppover til Kvammen – altså til grensa mot Rindal.  Med bind nummer 5 reknar vi med at vi er komne på halvvegen sa kultursjef Lilly Husby da ho ønska eit stort og interessert publikum velkomne på premiere for det nye bindet. 

Les heile saka

Stem på månadens bilete november

Guro Redalen Laurdag 3. desember 2022

Kling no klokka, for det kimer no inn til årets siste månadens bilete-val! Så her er det berre å vandre inn fra kvar ein verdenskrok for å sikre at din favoritt går sigrande ut av kåringa.

Les heile saka

Bindalsbygg – nytt lagerbygg under tak

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. desember 2022

Ved Bindalsbygg på Terråk er takstolane på plass, og i neste veke skal det være tett tak på det nye lagerbygget som blir bygd i tilknyting til Byggernbutikken i sentrum.  Dette skal forenkle lagerhaldet og butikkdrifta for oss, seier Adelsten Paulsen som er butikksjef på Byggern Bindal i Terråk. 

Les heile saka

Adventlotteri – tredje trekning laurdag 3. desember

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. desember 2022

Jammen var det eit par ullestar som var gevinsten under luke nr 3 i Adventlotteriet.  Vinnar denne gongen dro vi kjapt kjensel på, da det stod Skogly på vinnarlodden, og da blir det nok størrelsen som kjem til å avgjera om det blir underteikna eller om det blir Berit som blir den heldige brukar.

Les heile saka

Tradisjonell julegrantenning i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Fredag 2. desember 2022

Det var ingen som klaga på nokre få kuldegrader da det tidlegare i kveld var julegrantenning i Brusetmarka.  Det skedde sjølvsagt i Trudvangkrysset, og treet er flott pynta med mykje lys. Triveleg med lokal julegrantenning som samla store deler av legmålet til litt sosialt samvær.

Les heile saka

Nye bøker i «minibiblioteket»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. desember 2022

I dag kom det ny forsyning med bøker til «minibiblioteket» i gapahuken i Båthølen. Det er Ragnhild A. Moe som har teke på seg å vere bibliotekar i «minibiblioteket». Biblioteket har vorte eit populært tilbod for mange dei som går seg tur i Toåa tursti. Det er også mogleg å låne med seg bøker heim frå «minibiblioteket».  

Les heile saka

Adventlotteri – andre trekning fredag 2. desember

Jon Olav Ørsal Fredag 2. desember 2022

Adventlotteriet har vinnaren klar for luke nummer to – 2. desember.  Under luka der var det ei stor og flott julestjerne med lys.  Den heldig vinnaren er Pestua.  På vinnarloddet står det berre Pestua, så om det er yngste eller eldste generasjon som er vinnar veit ikkje vi – eller kanskje er det alle sammen i lag som får glede av den flotte gevinsten?  


Adventlotteri – første trekning torsdag 1. desember

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. desember 2022

Endeleg er vi i gang. Etter ein hektisk periode med innsamling av gevinstar og sal av adventloddar er vi i gang med trekninga, seier Torill Talgø og Anita Talgø.  Dei to representerer Todalen ILs trimgruppe som har trødd igang årets nykommar som dette adventlotteriet faktisk er.  Trekninga kjem til å skje kvar dag fram til jul – 24. desember trekkjer vi siste gevinsten.  Dei fleste dagane trekkjer vi ein gevinst, men enkelte dagar slår vi litt på stortromma og trekkjer to gevinstar.  No har dei den første vinnaren klar…

Les heile saka