Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Viser til oppdatert pressemelding utsendt fra Fram, der det fremkommer at kaiarbeidet på Kvanne er forlenget ut januar, som følge av dette så er ny ruteplan utarbeidet og blir gjeldende inntil videre, ny ruteplan starter 21.12. Sambandet driftes fortsatt av M/F Driva.
Les heile saka
Tysdag 26. desember (2. juledag) klokka 14:00 inviterer Nordvik Grendalag til tradisjonell juletrefest i Nordvik forsamlingshus. Og kanskje kjem nissen?
Les heile saka
Da har vi trekninga klar for luke nr 20 som er onsdag – nok ein dag er det 4 kortreiste gevinstar attafor luka. Første gevinsten er ein vedsekk – den hamnar på Kvennset – nærare bestemt i Andersstua. 2.-gevinsten er i dag eit par ullsokkar – her vart det Ingjerd Farstad som vart vinnar. Den […]
Les heile saka
Det blir sjølvsagt spesielle opningstider denne jula også – og spesielt mange julefilmar på kinoen. Opningstidene for bibliotek og kulturhuset varierer – om ein ser bort frå jul- og nyttårsaftan, samt 1. jule- og 1. nyårsdag. Da er huset heilt stengt.
Les heile saka
Jammen var det 4 gevinster og 4 vinnarar attafor luke nr 19 også! Dermed er det berre fem luker att før vi kan runde av trekninga av årets julekalender. I dagens trekning vart første gevinsten eit par heimestrikka utvottar trekt ut til Åshild Halle i Halagrenda.
Les heile saka
Meteorologisk institutt melder at det er venta lokalt særs kraftige vindkast på 33 – 40 meter i sekundet frå sørvest-vest, og kortvarig sterk storm på 30 meter i sekundet på kysten. Vinden vil auke først i Møre og Romsdal, og minke sist i Trøndelag.
Les heile saka
Bak luke 18 er det og 4 gevinstar som er trekte ut. Gevinst nr 1 denne dagen er ein heimestrikka ullgenser med traktormotiv – og den heldige vinnaren er Åse Ville Redalen, så den hamnar på Kvennset i Austigarden.
Les heile saka
Etter fleire veker med meir eller mindre sprengkulde, så vart det vêrforandring med mildver og regn. Og da vart det sjølvsagt blankis og hålkeføre, både for fotgjengarar og for biltrafikken. Her i Todalen har det nok gått bra, for vi har ikkje fått rapportert uhell av noko slag. Men det har vore mange uhell på vegane på andre plassar.
Les heile saka
Trekninga for luke 17 er klar med 4 nye heimlaga og kortreiste gevinstar som skal fordelast. Den første gevinsten er eit par heimestrikka ullvottar som får ny eigar. Den heldig vinnaren er nemleg Lasse Kvande.
Les heile saka
Denne veka har siste rest av asfaltarbeid og asfaltbudsjet vore gjort unna. Kuldegrader rundt titalet er nok ikkje ideel temparatur for slikt arbeid, men kulda kom nok litt tidlegare og var meir langvarig enn forventa i år. Det var imidlertid nokre korte strekningar som det var viktig å få repararer på grunn av brøyting og vedlikehald.
Les heile saka
4 gevinstar skal også fordelast i dag etter at vi har opna luke nr 16. Første gevinsten er eit par ullvottar, der Dordi og Johan Hals er heldige vinnarar.
Les heile saka
Matkroken Todalen har kunngjort opningstidene sine fram mot jul og i romjula. Før jul vil det vere langope laurdag 23. desember, og søndag 24. desember er det kioskope. Elles er det verdt å meke seg, at laurdag 30. desember stenger butikken klokka 13:00 på grunn av vareteljing.
Les heile saka