Like sikkert som at det er berre eit par veker til advent, så inviterer Todalen historielag til bokslepp for sitt nye årsskrift komande laurdag kl 14.00. Det nye årsskriftet er nummer 16 i rekkja, og som vanleg er det mykje godt og historisk stoff som blir presentert i det nye årsskriftet, fortel leiar John Moe til Todalen.no.
Les heile saka
Brukar vi ostehøvelen på forsvarsbudsjettet år etter år, til det ikkje er noko igjen – eller går vi mot avvikling av det nasjonale forsvaret av Noreg? Dette var sentrale spørsmål som Lars Myraune stilla da han heldt foredrag for eit lydhørt publikum i Svorkasalen måndag kveld. Det var Indre Nordmøre Forsvarsforening som var arrangør og som hadde skaffa seg presidenten i Norges Forsvarforening, Lars Myraune, som foredragshaldar.
Les heile saka
Svein Sæter vil fortelje historia om ein av Noregs ukjende heltar og samfunnsbyggjarar på kulturhuset onsdag kl.11. Han har nyleg kome med ei bok om Einar Sverdrup (1895–1942); direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Gruvene ved Longyearbyen – og byen sjølv – blei livsverket hans. Ingenting kunne stanse Einar Sverdrup. Familien var full av framståande politikarar, prestar, polfararar, poetar og pressemenn.
Les heile saka
Ved Kårvatn Fjellutstyr inviteres det til vintersal til neste helg – salet startar laurdag 19. og varer til og med tysdag 22. november. Da er det duka for å gjera ein skikkeleg godhandel med opptil 70 % rabatt. Det blir gode tilbod på utgåtte skimodellar, soveposer, klær, fjellsko, stavar, skredutstyr, dunjakkar og mykje meir.
Les heile saka
Sveen Auto har vore i det festglade hjørnet dei siste dagane. Det har vore 70-årsdag som har stått i fokus, og dei har feira at det er 70 år sia Anders Sveen starta bilverkstad bortpå Syltøran. Den spede start skjedde i ei tyskerbrakke, og var nok primitiv i samanlikning med dagens sals- og verkstadlokaler.
Les heile saka
Posten har oppgradert avdelinga for Post i butikk på Matkroken Todalen, meir tidsriktig og praktisk innreiing som gjer det meir praktisk og lettvint for oss som jobbar i butikken, fortel hndelsmann Nordvik som viser fram det den nye postkroken og det nye utstyret dei har fått for å betjene kundane.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag markerte Start 4H at det var sesongslutt og tid for mønstring til haustfest. Start 4H hadde i år rigga til haustfest i Skulstuå (Gammelskulen), og det hadde dei gjort for å få vise fram det nye klubbrommet som dei har jobba med det siste året. Heile gjengen har nemleg klubbrommet som 4H-oppgåve og […]
Les heile saka
Terje Nordgarden er svanger med ny CD som er planlagt å komme i mars 2017. Alt nå slipper han første singel fra denne CD’n, og den har blitt til i Todalen, skriv Terje i sin promoteringstekst for singelen ”You Must Be the Change”. Terje Nordgarden har deltatt både på årets og fjorårets latskriverseminar på Todalshytta, og har mange «StikkUT»-turer til Storhaugen i løpet av dei par siste åra.
Les heile saka
Surnadal Senterparti gjennomførte i går kveld sitt årsmøte på Nordvik Forsamlingshus med 14 møtande medlemmar og gjest Kristin Sørheim som er leiar av samferdselsutvalget i Møre og Romsdal Fylke.Forsamlingshus med 14 møtande medlemmar og gjest Kristin Sørheim som er leiar av samferdselsutvalget i Møre og Romsdal Fylke.
Les heile saka
I morgon laurdag blir det muleg å sikre seg årets finaste julegave på L.Hals Då blir det salg av dei nye og eksklusive Todalen IL-skjef. Idrettslaget vil sitte på butikken fra kl 1000 til kl 1600, eller så langt behaldninga rekk.
Les heile saka
Sindre Fiske og Robin Tørset Brøske starta i haust på Surnadal vidaregåande skule på Vg 1. Båe to har valt utdanningsprogrammet Helse- og oppvekstfag.
Les heile saka
Start 4H inviterer til haustfest i Skultuå laurdag 12.november frå kl. 13.00 – 16.00. Det vert utstilling, visning av aktivitetar gjennom året, leikar ved lavvoen, matservering og loddsal. Alle er velkomen til ein triveleg ettermiddag helsar styret i 4H.
Les heile saka