Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag

Styret i TIL 2020
Leiar: Nils Ove Bruset
Nestleiar: Astrid Longva Kvendset
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæter

Leiar Økonomi- og markedsføringsgruppa: Oda Halle
Leiar, Barne- og ungdomsgruppa: Ola Dalsegg
Leiar, Anleggsgruppa- drift og vedlikehold: Lars Stensby
Løypeansvarleg, fjell og Tjønnmyra: Ståle Ansnes 
Ansvarleg Ungdomshuset: John Moe
Ansvarleg Skihytta: Terje Nordvik

Alle tillitsvalgte frå TILs årsmøte i 2020

 

Først publisert: 19. november 2009, 16:09 - Sist oppdatert: 14. juli 2020, 15:25

Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Side 93 av 105« Første...9192939495...Siste »
Ola  Hovdenak  slo  til  igjen!

Ola Hovdenak slo til igjen!

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. januar 2012

Ola Hovdenak frå Romsdal Randoneeklubb var førstemann i mål under laurdagens randonee i NorgesCup/Lifesystems cup på Kårvatn, og fekk tida 1.31.58 og 14 sekund framfor svensken André Johnson. På tredjeplass kom klubbkameraten Björn Gund, 3 minutt og 22 sekund etter. I dameklassen var det Oddrun Brakstad Orset frå Romdal randoeeklubb som gikk til topps med tida 2.14,28, framfor Caroline Tollstadius på 2.35,47. I Herre junior, var det Eirik Haukøy som trekte det lengste strået, med tida 1.42, 58 framfor Torstein K. Johannesen som kom inn på 1.51,07.

Les heile saka

Klart  for  skihelg  på  Kårvatn

Klart for skihelg på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. januar 2012

Denne helga står i skisportens tegn på Kårvatn, med Norgescup Randonee og Fjelltelemark individuelt laurdag og randonee for lag søndag. Det er allereie eit 50-tal påmeldte til laurdagens konkurransar fortel Kristen Bruset frå arrangøren Todalen Idrettslag Det er framleis muleg å melde seg på når rennkontoret opnar kl 08.30 laurdag, og fram til kl 09.00. Det er også trimklasse som startar i lag med proffane, så har du lyst til å prøve deg så er det berre stille opp. Meir info om rennet finn du ved å klikke her.

Les heile saka

Isenbanen  er  klar!

Isenbanen er klar!

Jon Olav Ørsal Måndag 9. januar 2012

Banemester Bergli melder at det er kjempefin is på Bordholmen nå! Lysene settes på og er tent til klokken åtte i kveld. Garderobene blir låst opp så det går an å skifte uten å fryse av seg tærne. Alle er velkomne til å bruke isbanen! Værmldingen lover imidlertid mer regn, så det spørs hvordan det […]


Bordholmen  blir  skøytebane

Bordholmen blir skøytebane

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. januar 2012

Knut Bergli har sett i gang med vatning for å få til isbane på Bordholmen. Forsøksvis var det laga ein liten isbane i fjor, men i år blir det laga ein bane som er dobbelt så stor. Det er asfalten innafor klubbhuset som blir is-arena, som kan brukast både skøytebane, og til anna isleik. Dan Roger la eit godt grunnlag med brøyting i går kveld. Knut trur at med eit par timars jobb i dag og i kveld skal bli fin is til søndag.

Les heile saka

Gi  din  stemme  til  «Publikums  Hederspris»

Gi din stemme til «Publikums Hederspris»

Jon Olav Ørsal Fredag 6. januar 2012

Lørdag 28. januar arrangeres «Idrettens Festkveld» i kulturhuset. Det blir en lokal idrettsgalla med Surnadal Idrettsråd som arrangør. Denne kvelden skal det mangfoldet i det rike idrettslivet i kommunen synliggjøres, med heder til både utøvere og ildsjeler. Der skal blan annet «Publikums Hederspris» utdeles, og her har du sjangsen til å avgi din stemme ved å sende e-post til leder@surnadalir.org . Listen over nominerte kandidater kan du laste ned som her.

Les heile saka

Romjulsmarsj  på  glattå

Romjulsmarsj på glattå

Elinor Bolme Torsdag 29. desember 2011

I dag vart den utsette romjulsmarsjen arrangert, og ein god del deltok på rundturen rundt bygda. Leiar i trimgruppa, Jostein Bruset kunne fortelje om 105 utdelte medaljar, noko han var godt nøgd med etter ei litt turbulent start på jula. Trimgruppa hadde også i år stasjon både i Sandstad- og Brusetkrysset, med servering av gløgg og kakao. Attåt var det høve til å ta lodd til inntekt for trimgruppa og idrettslaget.

Les heile saka

Todal’n  KaNo  startar  billettsalget

Todal’n KaNo startar billettsalget

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2011

Måndag startar førehandsalget av billettar til julekabareten 3. juledag(27.12) på ICA Todalen. Det er Todalen Idrettslag som er arrangør, og dei skal kjøre 2 forestillingar. Den første går på ettermiddagen kl 15, og den siste på kvelden kl 20.00. På den første forestillinga vil det bli enkel servering i tilknyting til framsyninga. Den siste framsyninga kl 20 blir som eit slags serveringsteater, der det blir høve til å kjøpe seg smårettar og drikke til ved borda.

Les heile saka

3.  juledag:  Tradisjonell  romjulsmarsj

3. juledag: Tradisjonell romjulsmarsj

Jon Olav Ørsal Fredag 23. desember 2011

3. juledag er det tid for å strekkje på beina igjen etter eit par dagar med mykje god mat. Da arrangerer Todalen I.L.s trimgruppe den årlege romjulsmarsjen, der dei inviterer alle til å ta ein tur rundt bygda. Det er høve til å starte mellom kl 12.00 og 15.00, og det et registrering både på […]


G-16  røk  ut  av  Malvikcupen

G-16 røk ut av Malvikcupen

Jon Olav Ørsal Sundag 11. desember 2011

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen G16 2011 har deltatt i Malvikcupen i Abrahallen denne helga. Tilsammen deltok det 209 lag i cupen, men laget røk ut. Kanut Haugen skriver til Todalen.no at det ble seier 4-0 mot Hommelvik 2, tap 0-2 mot Rørvik 1 og uavgjort 1-1 mot Utleira 2 holdt dessverre ikke til å komme videre i Malvikcupen. […]


G16  –  avslutning  med  tid  for  ros

G16 – avslutning med tid for ros

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. november 2011

Onsdag kveld var det avslutningskveld etter årets sesong for G16 i Todalen ungdomshus. Da var det tid for oppsummering og for å gje ros for det som har skjedd gjennom sesongen, både på og utafor banen. Med eit stort trettital til bords gikk pizzaen ned på høgkant, og etterpå viste oppmann Knut Haugen ein filmkavalkade med årets høgdepunkt i ein kort film. Laget har hatt ein stall med 21 spelarar, og vart denne sesongen nr 7 i 1. divisjon for G16 i Møre og Romsdal etter ein litt svak haustsesong.

Les heile saka

Den  Gyldne  Patron  til  Karen  Johanne  og  Svein

Den Gyldne Patron til Karen Johanne og Svein

Jon Olav Ørsal Sundag 20. november 2011

Da festledar Lars Stensby kunne ønskje velkomen til Hjortfesta 2011 var det benka mellom nitti og hundre glade festdeltakarar rundt borda i Todalen Ungdomshus. Det var Todalen Idrettslag som hadde invitert sambygdingane til årets Hjortfest, medan Husby og Halle Jaktlag var vertskap. Tradisjon tru starta programmet med den lokale Jaktvisa som Jon Lunde er opphav til. Vidare vart det diska opp med velsmakande Jegergryte, som var servert med koka ris til.

Les heile saka

Stem  på  Klubben  i  mitt  hjerte

Stem på Klubben i mitt hjerte

Jon Olav Ørsal Sundag 13. november 2011

Klubben i mitt hjerte 2011 arrangeres av Norges Idrettsforbund, Nordea, P4 og Dagbladet, og her har du anledning til å være med å stemme frem din klubb, og det er muligheter for å vinne sportsutstyr for store verdier. «Stemmelokalet» åpent på Dagbladet.no fra kl.00.01 lørdag 12.november, og her kan du stemme helt til kl.12.00 fredag 25.november. Her kan du enkelt gi din stemme til Todalen I.L.

Les heile saka

Side 93 av 105« Første...9192939495...Siste »