Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag

Styret 2018
Leiar: Nils Ove Bruset
Nestleiar: Steffi Bohle
Kasserer: Michal Heimlund
Sekretær: Elisabeth Kjos

Leiar, Fotballgruppa: (Velges ved konstituering av gruppa)

Leiar, Ski- og friidrettsgruppa: Gunnar Nordvik

Leiar, Trim og allidrettsgruppa: Jorunn Nordvik

Leiar, Bane/anlegg: Leiar 1: Gudmund i Kvendset 

Leiar, Driftsstyret, vinteranlegg, snøscooter og skihytta: Terje Nordvik

Leiar, Driftstyret, Ungdomshuset: John Moe

 

Først publisert: 19. november 2009, 16:09 - Sist oppdatert: 16. mars 2018, 00:20

Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Side 4 av 82« Første...23456...Siste »

Idag er det klart for årets Trollheimsmarsj!

Jon Olav Ørsal Fredag 24. august 2018

Søndag 2. september er det klart for årets Trollheimsmarsj. I år som i fjor startar Trollheimsmarsjen frå Leikvoll stadion på Ålvundeid, og går opp Børsetlia etter heistraseen og over fjellet til Todalen, der det er målgang på Bordholmen stadion. Starten går frå leikvoll mellom kl 09.00 og kl 11, og det blir busstransport frå Bordholmen til Leikvoll både før start og etter målgang. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L.Ulvungen og Todalen I.L.


Kom på NC på Bordholmen søndag

Elinor Bolme Torsdag 23. august 2018

Søndag 26. august er det igjen tre kamper på Bordholmen i bredde/elite-serien Nordmøre Championship. Kl 18 møter  Todalen rivalen Bøfjorden og kl 1845 møter dei Trollheimen. Siste kampen er mellom Trollheimen og Bøfjorden 19.30. Dette er 7-er fotball i ein serie med 6 grendalag. Vinneren etter 10 serierunder kan kalle seg Nordmørsk Champion. Kiosken er naturlig […]



Laurdag: Inviterer til familiedag på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. august 2018

Laurdag 18. august kl 14 inviterer Ski- og friidrettsgruppa og trimgruppa til familiedag på Tjønnmyra.  Det blir aktivitetar både for store og små, eller om du heller vil barnevog og rulator. Treng du skyss er det berre å ta kontakt med Jorunn på laurdag – telefon 957 44 716 så ordnar det seg! For dei litt større […]



Knøttetreningane startar oppatt

Elinor Bolme Måndag 6. august 2018

Førstkommande torsdag klokka 18 startar haustens runde med knøttetrening på Bordholmen. Dette er eit tilbud til dei som byrjar på skulen til hausten, til og med 2. klasse.


G16 – lokale størrelsar på TV2 frå Ekebergsletta

Jon Olav Ørsal Måndag 30. juli 2018

Tysdag blir det lokale størrelsar å sjå på TV2 Sportskanalen, som kl 10.30 sender kampen mellom G16 Surnadal/Søya/Todalen – Porsanger. G16 er altså det felles 16-årslaget som Surnadal, Søya og Todalen er med samarbeider om.


Gapkjøring i lysløypa på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. juli 2018

Tydelege spor fortel om at gapkjøring har pågått i lysløypetraseen på Tjønnmyra. – Dette er helt forkasteleg, seier leiar i Todalen Idrettslag Nils Ove Bruset, og minner om at dette er eit anlegg som er bygd på dugnad og finansiert med tippemidlar.


Årets oppleving står for tur

Elinor Bolme Tysdag 24. juli 2018

Denne helga sparkar unnar og ungdommar frå heile verd i gang verdas største fotballturnering atter ein gong. Sidan 1972 har Bækkelaget FK arrangert turneringa si på Ekeberg, medrekordoppslutning på godt over 2100 lag og 6000 fotballkampar i løpet av ei veke. Hverken Todalen eller Søya stiller eigne lag i år, men det likevel fleire ungdommar frå begge klubbar representert.


På befaring i samarbeidsprosjektet Toåa tursti

Elinor Bolme Måndag 16. juli 2018

Måndag kveld var styret i Surnadal jeger og fiskeforening på befaring Todalen for å sjå på planane i Toåa Tursti. Styret hadde tidlegare i vår styrevedtak på at inntektene frå fjorårets andelotteri under Laksefestivalen skulle brukast i Toåa Tursti etter invitasjon frå Todalen Idrettslag.


Ny platt i rekordfart

Elinor Bolme Onsdag 11. juli 2018

Dei to siste kveldane har det vore dugnad i Ungdomshuset. Her har ein gjeng nevenyttige karar laga til ein fin platting ved inngangspartiet på øversida.  Første kvelden laga Lars Kvendset fundamentet saman med Nils Ove Bruset og John Moe. Andre kvelden var det berre å ladde batteria og skruve toppdekket i MøreRoyal. 


Ræta Opp: Takk for pengegaven!

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2018

Norsk forening for cystisk fibrose, NFCF, var ein av dei to organisasjonene som fekk midlar frå årets Ræta Opp 30. juni. Totalt kom det inn 12.851 kr på Ræta Opp, og midlane vart fordelt på Aktiv for Epilepsi (8.851 kr)  og NFCF (4.000 kr).  Vi har motteke ei pressemelding frå redaktør Sharon Gibsztein i Norsk forening for cystisk fibrose, med takk og litt info om foreninga.


Side 4 av 82« Første...23456...Siste »