Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag

Styret 2018
Leiar: Nils Ove Bruset
Nestleiar: Steffi Bohle
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Elisabeth Kjos

Leiar, Fotballgruppa: Anders Gjeldnes

Leiar, Ski- og friidrettsgruppa: Gunnar Nordvik

Leiar, Trim og allidrettsgruppa: Jorunn Nordvik

Leiar, Bane/anlegg: Leiar 1: Gudmund i Kvendset 

Leiar, Driftsstyret, vinteranlegg, snøscooter og skihytta: Terje Nordvik

Leiar, Driftstyret, Ungdomshuset: John Moe

 

Først publisert: 19. november 2009, 16:09 - Sist oppdatert: 28. mars 2019, 22:48

Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Side 3 av 8912345...Siste »

Ny gåve til «Tursti Toåa» – 100 000 frå MR 4H

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juni 2019

Det var artig å kunne informere dugnadsgjengen om at vi hadde fått eit nytt gledesbrev til prosjektet «Tursti Toåa». Denne gongen var det Todalen IL som vart ein av vinnarane av Draumeplassen Møre og Romsdal 2019, fortel Elinor Bolme i prosjektgruppa for Tursti Toåa.


Klare for ny sesong

Elinor Bolme Tysdag 4. juni 2019

Todalens yngste fotballspelarar har hatt ein fin vårsesong, og er no snart klare for sesongåpning med cupspel under årets SILregncup neste helg. Dei gler seg, og etter innsatsen på gårsdagens trening å dømme, så kan det bli ei kjekk oppleving.



Lagseriestemne i kveld

Elinor Bolme Torsdag 30. mai 2019

Ski og friidrettsgruppaminner om lagseriestemnet på Bordholmen i kveld. Oppmøte klokka 18 kor det blir høve til å bade kaste, springe, spurte og hoppe med eller utan fart.


Lokalderby med mange mål

Elinor Bolme Tysdag 21. mai 2019

I kveld var det lokaloppgjør mellom G11 laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Sunndal på Bordholmen. Det vart ein målrik kamp, som Sunndal til slutt gjekk seirande ut av. Første omgang var ganske jamn, kor begge laga dominerte kvar sin periode. I andre omgang var Sunndalingane litt heldigare og fekk god utteljing på sjansane sine.


Torsdag startar lagseriestemna

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mai 2019

Torsdag kveld er første kveld med lagseriestemne denne våren. Det skjer på Bordholmen kl. 18.00 og slik blir det og i forsettinga melder Ski- og Friidretssgruppa i T.I.L.


G11 med kamp på Bordholmen tirsdag

Elinor Bolme Sundag 19. mai 2019

Tirsdag kveld er det fotballkamp på Bordholmen igjen. Da møter G11 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen nabolaget frå Sunndal klokka 18. Her blir det åpen kiosk med både is, bakels og graut.  


Folketog og feiring i skulen etterpå

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2019

Etter biltog og frukost på formiddagen starta den tradisjonelle feiringa av nasjonaldagen på ettermiddagen. Først gudsteneste i Todalen kyrkje, og så folketog til skulen der resten av programmet gjekk føre seg.


130 mann tok turen til fellesfrukosten

Elinor Bolme Fredag 17. mai 2019

Strålande sol, mild bris og ein solid frukostbuffet møtte dei vel 130 som i dag tok turen på Bordholmen etter biltoget på fellesfrukost. Fotballgruppa i Todalen IL hadde ordna seg på godt med besøk, og todalingane møtte mannsterke opp og vart servert både heimelaga brød, rundstykker, syltetøy og salatar. 


Biltog med rekorddeltaking

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2019

Å køyre biltog har ein lang tradisjon i Todalen. I starten var det berre nokre få bilar og traktorar som deltok, og det bar mest preg av å være eit slags «skrommeltog» på morgonkvisten – før den ordinære feiringa tok til.


Klart for feiring

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. mai 2019

Ein tur rundt bygda avslører at det blir gjort førebuingar til nasjonaldagen – 17.-maikomiteen ståka med pynting og ordning til arrangementet i skulen, og eit «kokkelag» hadde god kontroll på produksjon av massevis med kjøttsuppe til arrangementet i morgon.


17. mai: Ventar storinnrykk til frokost!

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. mai 2019

I fjor var det over 120 som kom på frokost på Bordholmen den 17. mai – i år reknar vi med minst 150! Det er Anders Gjeldnes og Knut Bergli i fotballgruppa som er slike optimister. Sikker ar det iallfall at fotballgruppas frokostservering på Bordholmen er populær og med fine vêrprognosar er det alt som talar for rekorddeltaking. I kveld var dei i gang med brødbaking…..


Side 3 av 8912345...Siste »