Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka førjulsmartna

Dordi Jorunn Halle Torsdag 29. oktober 2015

Torsdag arrangerte Rehabiliteringsavdelinga og Dagsenteret i Surnadal kommune  førjulsmartna. Der var det salg av flotte heimelaga produkt, kaffeservering og basarbord. Inntekta frå martna’n skal gå til å lage fint uteområde mellom Rehab og pensjonærbustadene. Det er planar om å bygge platt med utsikt mot elva, gapahuk og gangveg, og å kjøpe inn utemøblar og bålpanne. Det kom inn godt og vel 30 000 kroner, det er eit kjempeflott resultat!

Dørene opna klokka 11, og det var god tilstrøyming av publikum frå første stund og ut dagen. Det var mykje både fint og godt å kjøpe, og det er brukarane ved  Rehab og Dagsenteret som har laga alle produkta som vart selde. Dei har strikka, tova, hekla, brodert og snikra i heile år. I det siste har det i tillegg vore baking av lefse, krumkaker, goro og silkekaker.

Det er mange som har arbeidd med å lage varer til martna’n, både frå Rehab og Dagsenteret. I dag møtte todalen.no  tre av dei:

IMG_7042

Mattias Berdal syner fram flotte vottar som han har stikka. Foto: Dordi.J.H.

Mattias Berdal frå Øvre Surndal har strikka utruleg mange fine selbuvottar. Han fortel at han lærte å strikke før han begynte på skulen og har vore glad i å strikke heile livet. Mellom anna har han strikka vottar til ungane i barnehagen ved Mo oppvekstenter. I dag gjekk salget strykande.

IMG_7050

Gunnvor Nordvik har både strikka, tova og brodert, stor produksjon og fine saker. Foto: Dordi J.H.

Gunnvor Nordvik har brodert puter, strikka babysokkar, strikka og tova varme og fine sjal. Ho er på Dagsenteret to dagar i veka.  Ho slår fast: «Det er likaste plassen på jord!»  Dei tilsette er både trivelege og dyktige, maten er god og det er kjekke aktivitetar. Gunnvor fortel at dei har vore heldige og  fått «restegarn» frå folk omkring i kommunen, det er kjekt. Så viss nokon har garn dei ikkje skal bruke sjølv, er dei glade for å få det på Rehab.

IMG_7047

Mikkel Berset er helst i snikkarboden. Der har han laga mykje fint, og her er han i lag med Trine Eggan. Ho er leiar for Rehabiliteringsavdelinga og Dagsenteret. Foto: Dordi J.H.

Mikkel Berset er aktiv i «Snikkarboden». Han har snikra krakkar, støvelknektar og kjekke korger av tre. Fine produkt! I dag var snikkarboden tom, men han skulle snart i gang med nytt prosjekt og da er todalen.no velkomne til å sjå innom igjen.

IMG_7054

Marita Sæter sel lodd, mange og fine gevinstar! Foto: Dordi J.H.

Det var også kaffesalg med kaker og bakels med graut – det smaka godt og folk kosa seg. Både brukarane og dei tilsette var svært godt fornøgde med martnasdagen. Dei takkar for all støtte og gler seg til  sommaren og ny uteplass som kan bli til glede for mange.

 

Publisert: 29. oktober 2015, 22:16