Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ved som varmer fleire gong..

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. februar 2014

Det blir sagt at veden varmer fleire gong når ein driv med vedhogst. Det er nok tilfelle, og ikkje minst når ein driv vedhogst. Laurdag var det fleire vi trefte som dreiv med vedhogst, med tanke på å halde varmen neste vinter. Inneværande vinter har nok ikkje gjort så store innhogg i vedlageret, men det er sikkert greit å fylle på igjen.  På nyåret har det i alle fall vore fint å drive litt skogsarbeid, med barmark og opptil fleire varmegrader i lufta.

DSC_8723

To generasjonar vedarbeidarar på Halset. Anders betjente vedmaskina, og Håvard var hjelpesmann og konsulent. På Halset slit vi ut en generasjon i gongen, gliste Håvard. Foto: Jon Olav Ørsal

Trudde faktisk det var fleire som hadde funne fram motorsaga for å nytte finvêrsdagen og fridagen. Må nok tilstå at observasjonane vart gjort frå bilen, så det var kanskje andre som hadde teke turen til skogs. I Brusetmarka var det Tormod og Bernt Kalset som hadde fyrt opp motorsaga for å rydde på elvekanten mot Heggøyann. Dei hadde fått lovnad på vedskog frå Ola Bruset, og hadde eit prosjekt i samarbeid. Det skulle bli ved til både Tormod som bor på Todalsøra og Bernt som bor i Trondheim.

Ved krysset mellom Halsetvegen og Inneråbrua var Anders og Håvard i gang med vedkapping og klyving. Det var Håvard som hadde vore til skogs, og nå var turen komen for kapping og klyving. Litt til eige bruk og litt for salg, kunne Håvard berette. Eit hundretals meter totalt, trudde Håvard. Han har nokre faste kundar, men også noko ved som var ledig for salg. Drifta var betydeleg mekanisert, med 2 traktorar og avansert vedmaskin som sørge for både kapping og klyving.

DSC_8735

Hallvard Brusethaug dreiv vedarbeid heime i Bøfjorden. Han er nok vant til både tre og skurutbytte, som til dagleg styrer på MøreTre. Foto: Jon Olav Ørsal

Men det er todalingar over heile verda, og mange av dei som driv vedarbeid. På tur uti «fysnin» var vi innom Hallvard Brusethaug, som bor i Bøfjorden. Han var også i gang med vedarbeid, som han kombinerte med å tynne ut skogen litt rundt husa. Her var det mest snakk om ved til eige bruk.

Det er imidlertid ikkje grunn til panikk med tanke på arbeidsvêr for vedhogging. Yr.no melder litt snø til søndag og måndag, men etterpå blir det igjen finver utover 10-dagersperioden. Ingen nedbørsmeldinga i perioden fram til 24. februar, og da lir det snart til vårs!

Bilder frå vedarbeid i Todalen – og i Bøfjorden på ein vanleg laurdag.   Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 15. februar 2014, 17:52