Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ved Økjeskarsvatnet månadens bilete i september

Guro Redalen Fredag 23. oktober 2026

Med det stemningsfulle biletet Ved Økjeskarsvatnet vart Kristian Gjeldnes røysta fram som vinnar av månadens bilete for september på todalen.no. Vi gratulerer!

Tusen takk til alle som sende inn bidrag og til alle som var med og stemde fram vinnaren. Dagens bilete er blitt ein fast del av todalen.no, og vi set stor pris på alle som deler små og store glimt frå bygda gjennom året.

Hausten er framleis full av motiv. Morgondis over ekrene, fargesprakande lier, kaffikoppar i haustsola eller dei første frostnettene kan alle bli neste vinnarbilete. Send gjerne dine blinkskot til red@todalen.no. Kanskje er det ditt bilete som blir kåra til månadens bilete neste gong! 

Publisert: 23. oktober 2026, 18:31