Todalen Idrettslag sitt driftsstyre for Bordholmen arrangerer vårdugnad på Bordholmen stadion onsdag 30. april klokka 17:00 – 19:00. På vårdugnaden skal idrettslaget sitt anlegg på Bordholmen gjerast klart og presentabelt til ein ny sommersesong med mykje aktivitet.
Todalen Idrettslag har eit flott anlegg på Bordholmen stadion, fotballbane, frisbee, tennisbane og nærmiljøanlegg. Alt er ope for alle, og idrettslager ønsker at anlegget blir mykje brukt.
Alt som blir brukt må vedlikehaldast og onsdag 30. april klokka 17:00 arrangerer idrettslaget difor dugnad på anlegget for å gjere det klart til sommeren. På dugnaden skal ein mellom anna slå gras, rydde søppel, rette opp lysmast og sette ut bord og benker.
Alle er velkomne på dutnaden! Ta gjerne med ATV og hengar, trillebår, kost, spade, rive og kantslåar. Anna hageryddingsutstyr kan også vere aktuelt. Idrettslaget held bensin og olje.
Idrettslaget håper at mange har høve og lyst til å hjelpe til med å gjere anlegget presentabelt og klart for sommeren!
Enkel servering.