Sjå programmet for todalsdagen!
30. juni er det klart for Todalsdagen 2012, med lotteri, fotball, kiosk, grilling og loppemarknad på Bordholmen. Nytt av året er «Ræta opp», som vi håpar mange deltek på. Les mer om mosjonsløpet her.
Program
09.00 – Kiosken åpnar
09.30 – Start på lillegutturnering
10.00 – Start på mini- og knøttekamper
10.00 – Loppemarknaden åpnar
10.05 – Grillen tennes
12.00 – Ræta opp (last ned flyer)
14.30 – Trekning Superlotteriet
15.45 – Finale i fotballturneringa
16.20 – Seremoni
Kårvatn Fjellutstyr har åpent 10 – 17. På kvelden er det pubkveld på Pakkhuset Kro, som åpnar klokka 21.00.
Velkommen til Todalen den 30. juni!
Nyheter knytta til Todalsdagen 2012
Ein triveleg dag både for små og store på Bordholmen
På Todalsdagen var det full fart med fotball på 5 banar heile dagen – stor stemning var det og det er vanskeleg å skjønne korleis kreften strakk til for alle smårollingane som spela mange kampar i løpte av dagen og likevel hadde krefter til å delta på MiniRæta og til å kjøre trøbil rundt omkring på Bordholmen når dei hadde fri mellom kampane.
Ung, lokal vinnar i Ræta Opp – oppdatert med resultatliste
Med knappe 86 betalande deltakarar vart det unggut og todaling Erik Kårvatn som vart den sterkaste i det vi no kan kalle tradisjonsløpet Ræta Opp. Erik låg på andreplass fram til siste kneika opp Reita, men «fekk» leiinga etter at leiande Kevin Anders Brusethaug sprang litt feil i traseen og tapte verdifull tid.
Fotballfesta på Bordholmen er i gang…..
Første avspark er gjort – kampen mellom Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen (STKU) og Bud vart Todalsdagens første kamp av rundt 60 kampar utover dagen. Det gikk ikkje meir enn rundt 6 minutt ut i kampen før Sander Roaldsøy sørga for cupens første mål for bud. No er det meste i gang – vi var der i 8.30-tida og […]
Todalsdagavisa – i kveld går den i postkassen din
Bur du i nærområdet så finn du årets «Todalsdagavis» i postkassen din torsdag kveld. I dag var nemleg alt klart til trykking og etterpå har distribusjonsmannskap tråla seg fram til alle postkassar
Resultatliste Ræta opp
Da har vi fått tilsendt resultatlista fra sekretariatet med alle tidene fra gårsdagens Ræta opp for dei som kan være interessert i desse. Det var som kjent Håvard Gjeldnes som tok seieren, og satte ny bestetid i løypa med sine 11.18.22.
Sporty at dere kom på konsert….
Johanna Demker tykte det var sporty at publikum stillte opp på utekonsert på Todalshytta laurdag kveld. For sjølv om nordvesten kom med 26 mm nedbør i løpet av eit par timar, klarte ikkje vêret å stoppe konserten som var tillyst på Todalshytta. Rett nok vart konserten ein time forsinka, men konsert vart det.
Nok ein vellykka Todalsdag
Arrangørane av årets Todalsdag kan nok ein gong sjå tilbake på ein særdeles vellykka dag på Bordholmen. Her var det naturleg nok fotballen som var i sentrum heile dagen, med 60 kampar fordelt på tre ulike aldersklassar. Likevel var det mykje anna å bedrive tida på underveis medan ein venta på neste kamp. Her var utsalg av bygdebøker, stort loppemarked, kubingo og ikkje minst Ræta Opp med 126 betalande, som resulterte i 16 000 kroner til fordeling mellom dei to prosjekta «Dindag i dag» og «Sjukt sprek».
Håvard Gjeldnes med ny løyperekord i Ræta Opp
Håvard Gjeldnes og Henrik Hurdal kjempa heilt til målstreken om å kome først, men Håvard Gjeldnes trekte det lengste strået og sikra seg der med ny løyperekord på 11.18.22, medan Henrik Hurdal fikk offisiell tid på 11.18.56. På tredjeplass kom Geir Atle Røen i mål 13.10.12. I dameklassen var det Berit Mogstad som ikjje heilt uventa var først ute og dermed sikra seg seieren med tida 12.50.56.
Full rulle på Bordholmen
På Bordholmen er fotballen forlengst i gang, men Todalsdagen er ikkje berre fotball. oppemarknaden har også opna og Lars Polden er på plass med den nye bygdeboka for Todalen eller rettare sagt Bygdebok for Surnadal bind 1.
Ræta Opp – bli med du og!
Påmelding til Ræta Opp og Miniræta er alt i gang. Ingvild og Kjetil er på plass i sekretariatet ved klubbhuset og tek i mot påmelding og deler ut startnummer. Starten for Ræta opp går kl 12, og sidan det er jubileumsår satsar arrangøren på rekorddeltaking.
Avspark for Todalsdagen
Presis kl 9.30 gikk avsparket for Todalsdagen 2016. Det var starten på en lang dag med fotball på Bordholen stadion, og da gikk det ikke lang tid før det første målet var eit faktum.
Dugnadsinnspurten – klart for Todalsdagen 2016
I kveld var det ny dugnadskveld med førebuing til Todalsdagen. No i kveldstimane har det vore arbeidd på fleire plan, med oppsetting av telt, merking av baner og plassering av reklameflagg og målstativ på til saman 5 baner. I tillegg er storgrillen på plass og det er rigga til salsutsyr og fylt opp med varer, så alt er klart til morgondagens arrangement…..