Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Testa utstyret og gjorde reint til 17. mai

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. mai 2026

Det passer nok godt for alle at brannmanskapa tester utstyret og øver på brannslukking no i maidagane.  Tradisjonelt har det vore brannmannskapa sitt ansvar å få vekk grus og strøsand frå asfalten mellom Talgøfabrikken og Matkroken Todalen.  Onsdag kveld rigga dei seg til med brannpumper og slangar – og sette i gang med spylinga.

Lundebekken sørga for vannforsyninga. Jan Nordvik, Håvard Halset og Ståle Ansnes riggar vassinntaket. Foto Jon Olav Ørsal

Brannmannskapa i Todalen, Kvanne og i Surnadal brukar ofte å trene saman, med forskjellige tema for kvar øving. Denne kvelden var det altså testinga av utstyr og spyling som stod på programmet, og laget i Todalen fekk da besøk av eit av laga i Surnadal.

Her blir det reint og fint – Dan Roger Pedersen og Ståle Ansnes spylar vekk strøsanden. Foto Jon OLav Ørsal

Total er det 36 brannmannskaper derav er det 6 konstablar i Todalen , og 6 på Kvanne.  I tillegg er det 6 hjelpearbeidarar som riggar depotet som er anlagt i Bøfjorden.  Vi ser iallfall kor viktig det er at vi har ei lokalt brannlag – det var av avgjerande betydning for omfanget av brannen i Bekkerhagan i fjor.

Jan Nordvik er ny brannkonstabel ved brannlaget i Todalen. Foto Jon Olav Ørsal

Her spyles det rund veggane på Matkroken. Foto Jon Olav Ørsal

 

Eit lag kom frå Surnadal for å delta i arbeidet – frå venstre Per Egil Fiske, Børge Brøske, Bjørn Gjeldnes, Victor Grøtte og Lars Todal. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 7. mai 2026, 06:00 - Sist oppdatert: 6. mai 2026, 18:48