Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor og spennande marknad, med deltakarar frå heile Midt-Noreg

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. november 2026

Laurdag er det klart for ny og stor marknad i regi av Hageland og Byggmakker i Surnadal, som har invitert lokalmatprodusentar frå nærast heile Midt-Noreg til å kome til Surnadal for å by fram sine produkt.  Hageland og Byggmakker har teke initiativet til julemarknaden fordi at dei vil skape liv, opplevingar og forventningar i samarbeid med lokalprodusentane.

Thaimat var populært, og gikk unna i stor fart. Foto Jon Olav Ørsal

Sjølvsagt skal dei by fram sine eigne varer, for det skal merkast at det er julemarknad seier Nina Monsøy, som er primus motor og initiativtakar til prosjektet som altså setter Surnadal på ende komande laurdag frå kl. 10 til kl. 16.  Med deltakarar spreidd frå Sunnmøre i sør til Trøndelag i nord trur vi at det kjem meir folk enn nokon gang – i fjor var vi nærare to tusen på julemarknaden, fortel Monsøy.

Det var kø oppover «Storgata» på Byggmakker utover dagen. Foto Jon Olav Ørsal

Ho meiner at det er viktig at dei små produsentane får ein kanal ut til marknaden, derfor er det viktig av dei får være med her for å prøve seg.  Samtidig får jo vi på Hageland og Byggmakker vist kva vi står for og ikkje minst vist kvar vi held hus. Julemarknaden  på Syltøran er med mellom dei største i Midt-Noreg og så tykkjer vi at det er artig å være med og skape liv og røre no når julehandelen er i gang for fullt.

Mange dyktig handverkere eller kansje kunsthandverkere – foto Jon Olav Ørsal

Lokalt i Todalen er det fleire som skal delta, vi kan i rask rekkjefølge nemne Ansneset Gard med kjøtt og skinn, Ingrid Talgø med strikking, Pestua Gard med egg, Todalshonning/Bjørn Kvendset med honning og julebakst/flatbrød, Kristian Hauglann Talgø med Eigedomssal og taksering, og ikkje minst Magne Søyset med eige trearbeid.  I tillegg vil det nok bli mange kjente ansikt å finn mellom utstillarane som tel 60 forskjellige utstillarar.  

 

Lisa med julebakst til salg – i år blir det og mølsgraut på bordet hennar. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. november 2026, 07:00