Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Torsdag: Stavgang til Halset

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. april 2015

Stavganggruppa har forlenst starta sesongen – den 23. aril var det sesongstart til Skrøvset i Bøfjorden og neste turopplegg er til Halset. Det skjer alt torsdag 30. april med oppmøte på Halset til vanleg tid kl 13.  I innbydinga står det at vêret avgjer turen vidare.

Vidare utover våren er det opplegg kvar onsdag, og 7 mai er det vandring langs Søya som er planlagt. Her finn du heile terminlista for våren 2015.

7. mai. Vandring langs elva Søya. Frå Skei køyrer vi i retning Kvenna og svingar ned til Søya straks før vi når fram til Lia. Ein person står ved vegen og viser kvar du skal svinga ned. Vi parkerer ved brua, går nedover langs Søya til brua på Todalsvegen og returnerer til bilane våre.

13. mai. Frå Felleskjøpet i Halsa til Megardsvatnet. Denne torsdagen går turen til Halsa. I Betnakrysset svingar vi til venstre i retning Halsa fergekai, og vi kjem fram til Felleskjøpet etter ca. 2 km. Her parkerer vi bilane og går opp til Megardsvatnet.

21.mai. Gammelfabrikken i Todalen. Frammøte ved Talgø sin gammelfabrikk i Todalen. Marsjen skal gå i fabrikken og fossen sitt nærområde.

28. mai. Pensjonisttur til Smøla. Meir info seinare.

Søndag 7. juni. Denne dagen har Stavganggruppa teke på seg å arrangera 52/17 SØNDAGSTUREN. Frammøte blir i Svinvika, og vi går opp Gammelvegen til Kammen hyttefelt. Herifrå kan vi snu og gå tilbake til Svinvika eller vi kan fortsetta rett fram til vi når Todalsvegen og går kleivane langs fjorden attende til Svinvika. Denne runden er ein av STIKK UT-turane i år. Matpause med open kafé ved arboretet.

11. juni . Haltbakken. Vi køyrer Todalsvegen og parkerer ved avkjørsla til Haltbakken, straks før vi kjem til Nordvik. Går deretter til Haltbakken , medan den som vil, kan gå heilt til Nordvik.

18. juni. Frå Lånna på Ranes og ein runde ned til elva. Turen går om Jælañ-Åsen-elvebreidda-Pellhølen. Ein person står ved vegen og viser kvar du skal svinga av.

25. juni. Kårvatn – Myrvang. Frammøte på parkeringsplassen på Kårvatn. Marsjen går til Myrvang og Nauståfosssen. Rasteplass og servering på Myrvang.

Alle er velkomne til ein ny sesong, både med og utan stavar! Når det ikkje er opplyst om noko anna, startar alle turane kl 13.00, melder Stavgangruppa.

Publisert: 29. april 2015, 22:22