Oplegget Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal har med StikkUt-turar verkar å vere både positivt og vellukka. Det er svært mange som stikk ut til dei ulike trimpostane, her i kommunen er det Svinvikrunden og Kleiva som har flest besøk.

På turen til Salvatna passerer vi Saltjønna, her skal det vere fine forhold for å fiske «småstet». Foto: D.J.H
På Nordmarka er det to StikkUt-postar, Salvatna og Langvatnet. Salvatna ligg på Austre Nordmarka, det er ein lett tur og passar for alle uansett alder og form. Turen er merka med grønt og går i idyllisk landskap. For å kome til parkeringsplassen kjører ein opp Dalseggvegen i Øvre Surnadal.
Startpunket for turen til Langvatnet er like ovanfor Berseten, parkering er i ei sløyfe av gammelvegen. Heile turen går etter skogsveg i ganske flatt terreng. Framme ved Langvatnet er det fint.
Alle StikkUt-turane i Surnadal kommune er svært godt merka, så dette er ei fin anledning til både å trimme og å gå på ukjende stigar.