Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rambjøra- endeleg!

Rambjøra- endeleg!

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2012

I fleire år har målet vore å komme seg på Rambjøra ein tur. Endeleg har dette lykkast, då eg fekk vere med ungfolket på Halset ein snartur i går. Med Anders Halset sine formaningar om å «sjå te å ha dåkkår i væg no, færre de bli tikkje tå torveret oppå der», gjorde reisefølget slik passe gira til å nå toppen. Ingen av oss hadde vore på Rambjøra tidlegare, men dei to innfødte i turfølgjet, Håvard og Randi var nå i det minste kjent oppover mot Vassnebbområdet. Eg og Margaret tok alt dei sa om svingar, lengder og tid for god fisk sidan vi ikkje kunne skryte på oss så gode lokalkunnskaper. No veit vi bedre…

Les heile saka

Renoveringa er i gang

Renoveringa er i gang

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2012

Renoveringa ved Todalen Oppvekstsenter er i gang. Vaktmester Ola Bruset fortel at ein del har vore gjort så langt både inne og ute på området. Det er klargjort for støydemping mellom 1. og 2. etasje, heile sløydsalen som skal omgjerast til klasserom er rydda og det er teke hol på ytterveggen slik at det er klart til brakkene kjem.

Les heile saka

Tok storlaksen

Tok storlaksen

Jon Olav Ørsal Fredag 6. juli 2012

Dei siste dagane har det vore bra fiske i Toåa, og det har nok samanheng med at det er betre temperatur i elva i det fine sommarvêret. Årets største så langt i år vart teken i Båthølen i dag, og var ein fin villaks på rundt 9,5 kg. Det var Sven Sandodden frå Longyearbyen som var den heldige og fikk den på flua. Elles er det teke på land fleire på Ramsøyvaldet dei siste par dagane.

Les heile saka

Vorpnestur

Marte Talgø Fredag 6. juli 2012

En liten påminning om 4H-turen som er i dag. 4H stiller opp med lavvo, så de over 10 år er velkomne til å overnatte. Oppmøte på Vorpneset har vi satt til 18.00, og sluttiden på lørdag er satt til 12.00. 4H stiller også med grillmat til kvelden, og enkel frokost til morgenen. 4H-erene tar med sovepose, liggeunderlag, varme klær, eventuelt ekstra ombyte og andre ting dere treng. Det er selvsagt lov å ta med venner som ikke er med i 4H!

Håper mange møter opp! Dette blir gøy!

Les heile saka

Trollheimsmarsjen – søndag 26. august

Trollheimsmarsjen – søndag 26. august

Jon Olav Ørsal Fredag 6. juli 2012

26. august er det klart for ny Trollheimsmarsj. Arrangøren prøvar på nytt i år, etter at fjorårets arrangement vart avlyst på grunn av vêrtilhøva. Den populære turmarsjen går frå Todalen og over til Ålvundeidet, og er eit samarbeidsprosjekt mellom dei to idrettslaga Todalen og Ulvungen. Dette samarbeidet starta i 2008 da begge laga fylte 100 år, og var da ein av dei mange jubileumsaktivitetane hos dei to «jamnaldringane».

Les heile saka

Ordnar seg på neste vår

Ordnar seg på neste vår

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. juli 2012

Torsdag var det fotosession på Talgø. Det er neste års kolleksjon av hagemøblar som har vore i «eldlinja» til fotograf Nathan Lediard, og fotograferinga foregikk på Talgø gard. Ein heil gjeng frå marknadsavdelinga på Talgø var engasjert i prosjektet, og produkta høyrer til den populære Talgø OutLiving-kolleksjonen.

Les heile saka

4H med overnattingstur

4H med overnattingstur

Elinor Bolme Torsdag 5. juli 2012

Alle 4H-arar inviteres med på utflukt til Vorpneset utanfor Ansneset i morgon kveld. Her blir det satt opp lavvoar, med mulegheit til overnatting for dei som har lyst til det. Start 4H held mat til kvelds og frokost. Her blir det mulegheiter for både bading, grilling og fisking.

Oppmøte på Vorpneset frå 18 og utover.


Sykkeltrim i finvêret

Sykkeltrim i finvêret

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. juli 2012

I kveld var det siste sykkeltrim før ferien. Det var mange som nytta høvet til ein sykkeltur i det fine sommarvêret, der gradstokken til slutt hamna god over 20-talet. ved registrering på Bordholmen var det også høve til å kjøpe lodd i trimgruppas sykkellotteri, og elles var det salg av kaffe og bakels.

Les heile saka

Har du koppane?

Har du koppane?

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. juli 2012

På loppemarknaden under Todalsdagen var det ein kjøpar som sikra seg 12 asjettar og 12 tefat med denne dekoren. No er ho på utkik etter koppane, for dei var ikkje å oppdrive i lag med fat og asjettar, fortel Borghild Talgø som styrte med loppemarkanden. Dersom du har koppane og kan tenkje deg å selje dem, så har altså Borghild kjøpar!

Les heile saka

Sykkeltrim – siste før ferien

Sykkeltrim – siste før ferien

Jon Olav Ørsal Måndag 2. juli 2012

Trimgruppa i Todalen i.L. melder om at siste sykkeltrim før ferien blir onsdag 4. juli. Det er som vanleg registrering frå kl 18.00. Elles kan du kjøpe lodd i sykkellotteriet, og du kan kjøpe kaffe og bakels, eller andre forfriskningar. Og sjølvsagt kan du sykle så langt som du sjølv vil etterpå. Kom og bli med, for det gjør så godt, seier ledar for Trimgruppa Knut Halset.


Slunken aktivitetskalender

Slunken aktivitetskalender

Elinor Bolme Måndag 2. juli 2012

Redaksjonen oppfordrer alle medlem av todalen.no til å sende inn arrangement til vår aktivitetskalender om de har noko de skal arrangere i løpet av sommaren. Send oss enten ein epost, ein sms eller nemn det til ein av oss ved ei høveleg anledning.


Så måtte det skje….

Så måtte det skje….

Jon Olav Ørsal Måndag 2. juli 2012

Var vel egentlig forberedt på at det kom til å skje. Det var berre spørsmål om når, og det vart søndag ettermiddag da det var behov for å fylle tanken med diesel. Trefte ein utflytta todaling og fast lesar på Todalen.no ved pumpa, og da gikk pålogging med bankkort og valg av pumpe på gammel vane. Men da fyllepistol skulle velges vart det sjølvsagt feil, sjølv om fylling av diesel har gått smertefritt i to år som dieselbileigar. Etter å ha fyllt eit titals liter slo bomba ned – dette var feil, for det var grøn pistol med teksta 95 oktan på. Bensin!

Les heile saka