Den store jubileumsfeiringa fortsett, og i førmiddagstimane laurdag var det «stinn brakke» i kaffekroken på Matkroken L. Hals. Der vart det servert moltkrem og nystekte bakels til alle kundar som var innom butikken. Laurdag er siste dag i den intense feiringa av 100-årsjubileet til L. Hals, som har på gått sia måndag. Laurdag kl 16 er feiringa slutt, og det blir markert med fyrverkei, når eit skikkeleg rakettbatteri går i lufta.
Les heile saka
Fredag 2.november fekk vi på oppvekstsenteret helse på ein heilt spesiell gjest. Gjesten kjenner vi godt frå før gjennom Barne-TV, DVD-ar, spel, og ulike bøker om teikning. Han heiter Øistein Kristiansen, men på skulen seier vi berre ”Øisteins blyant”. Alle elevane, og dei eldste frå barnehagen, var samla i hallen på skulen. Ut i frå enkle krusedullar og figurar tok han oss, både vaksne og ungar, med på eit heidundranes teikne-show.
Les heile saka
Redaksjonen for Todalen.no er godt nøgd med besøket på nettstaden. Hittil i år har vi hatt over 238 000, som er ei auking på over 28%. Antal sidevisningar i 2012 kjem til å passere 500000 i løpet av helga, og antal forskjellige besøkande er så langt i år på over 32000 – også ei auke på heile 34%.
Les heile saka
Søndag 4. november er det i gølge IL Søya si nettside, klart for årets store Søya-basar i Myrvang. Der vil basarbordet stå klart med masse gevinster kl 17.30. Blant de flotte hovedgevinstene finner vi bl.a. royalimpregnert hagebord med 6 stoler (fra Talgø) og et familiesesongkort i Sæterlia (verdi kr 4500) gitt av Surnadal Bygg AS og Prebo AS
Les heile saka
Jula nærmer seg med stormskritt, og dei første julemessene er alt annonsert. Det er no vel 7 veker til jul, og det kjem nok til å bli kamp om kundane og kjøpekrafta i tida fram mot jul. 5 driftige damer arrangerer i år julemarked i Sanitetshuset. Det skjer laurdag 17. november, og dei har litt av kvart å by på når dei setter i gang.
Les heile saka
Søndag var nesten 50 mann med stort og smått tilhørande G12 Søya/Todalen på sesongavslutning etter ein lang fotballsesong. Turen gjekk til Molde der G12 mannskapet, med trenarar, spelarar og oppmenn hadde booka 5 banar hos Molde Bowling. Etter 2 rundar med lystig spel vart det servert pizza og drikke, før det vart på med maksimum […]
Les heile saka
Søndag var det basar på alderheimen i Stangvika. Det var pårørandeforeninga som samla troppane til sin årlege basar for å få inn pengar til drifta av foreninga. Dei hadde stort basarbord med mange flotte gevinstar, og i løpe av nokre ettermiddagstimar fekk dei inn heile 12.000 kroner til foreninga. Dei bydde på kaffe og kaker til gjestane, og trekkspell og song vart det også, fortel Borghild Talgø til Todalen.no. Men viktigast av alt var den god samtalen rundt borda og det vart eit fint avbrekk både for bebuarane og for dei beøkande.
Les heile saka
Hobbyfotograf Kristine Saksen Ulvund har i haust utvida studioet sitt, som vi tidlegare har omtala her på todalen.no. Ho har no inngått ein avtale med Toril Talgø om å kunne benytte seg av andre etasje i låven på Trudvang. Låven er i så å seie orginal forfatning frå sist på 1800-talet. Og egnar seg med det perfekt til fotogtafering i, tykkjer Kristine. Dette gjer også sitt til at forholda no utover er litt uegna sidan det er litt trekkfullt.
Les heile saka
100-årsfeiring er ikkje kvardagskost i Todalen, men måndag var dagen komen for L.Hals Eftf som starta verksemda på Todalsøra den 29. oktober 1912. Dagen var behørig feira med kaffe og blautkake til alle kundane som var innom butikken. Det skal dei fortsette med heile veka til endes, fortel innehvavar Terje Nordvik. I løpet av måndagen vart det servert kaffe og blautkake til eit par hundre kundar som var innom butikken. Jubileet vart også markert med mange gode jubileumstilbod, mellom anna er det rabatt på bensin og vanleg diesel denne veka da pumpeprisen er sett ned med 1 kr literen.
Les heile saka
Start 4H runda av 2012-sesongen med haustfest søndag kveld. Den siste veka har nok vore travel for 4H-arane, for til haustfesta skal prosjektoppgåva vera ferdig, og dei skal lage utstilling til oppgåva. Det var lagt ned stor flid i utstillingane, og dei hausta mykje ros for gjennomføringa av prosjektoppgåvene, da Torill Sandnes frå Møre og Romsdal 4H delte ut merker og diplom til dei 15 som fullførte oppgåva.
Les heile saka
Snøvêret dei siste dagane i kombinasjon med kaldvêr i natt har gjort at småbåthamna er islagt. Det er meldt kaldvêr dei første dagane, men utover veka skal det bli mildare igjen. Det ligg enno nokre båtar i hamna, men tida er nok koma for å runde av båtsesongen for i år. Asgeir Longva var i full gang med å ta opp båten søndag ettermiddag da Todalen.no var bortom småbåthamna på Kvennset.
Les heile saka
No er alt klart for ei storstila 100-årsfeiring, fortel Terje Nordvik i L. Hals Eftf. Måndag 29. oktober er det nemleg 100 år sia gründaren Lars Hals opna butikk på Todalsøra, og det skal feirast skikkeleg – ei heil veke til endes. da blir det feiring med gratis kaffe og blautkake til alle kundane som er innom butikken denne veka. Og laurdag rundar han av feiringa med bakels og moltekrem til kaffen. Gjennom heile veka er det mange gode jubileumstilbod i butikken, og på HalsOil-pumpa er det rabatt både på bensin og vanleg diesel.
Les heile saka