Førebuingane til årets julerevy er godt i gang, og gjengen i «skrivarstova» har alt fått mykje på blokka si. Søndag kveld var Todalen.no innom ein snartur, men dei held enno korta tett til brystet og var naturleg nok litt tilbakehaldne med stoffet. Men datoen er klar, og 3. juledag (27.12) fører dei gode underhaldningstradisjonar vidare i Todalen undomshus. I år er dei attende på hovudscena og det blir i tillegg premiere for nytt og moderne lydanlegg og anna AV-ustyr som alt er kome på plass.
Les heile saka
Søndag ettermiddag inviterte Todalen historiealg sine sambygdingar til ettermiddagskaffe og premiere for årsskriftet for 2012. Det skjedde i Todalen ungdomshus, der dei i tillegg hadde invitert Reidar Østvik til å stille ut ein del av sine bilder i samband med arrangementet. Det var stor interesse både for den flotte bildeutstillinga og for det nye årsskriftet, for dei samla rundt 50 personar i Ungdomshuset denne ettermiddagsstunda.
Les heile saka
I går vart den tredje julemessa arrangert i Nistua på Nordvik. Og der var det fullt trøkk frå start til slutt kunne initiativstakar Torunn Nordvik fortelje. Størsteparten kom tidleg på dagen, for mange hadde nok sett av dagen til slike førjulsarrangement, da det var eit liknande arrangement på Hamnes også.
Les heile saka
Ein «ding dong» på dørklokka og 2 blide fjes som stod utafor, var ei påminning om at det er gått eit år og at det snart lir mot jul igjen. Det var nemleg Ola og Eivind Bolme som var på salgsrunde med årets utgåve av «Jul på Nordmøre». Det er no tredje året at dei har salgsanvaret for Jul på Nordmøre i Todalen, og dei skal innom alle hus i heile bygda. Dei rekna med å bruka heile dagen og fleire kveldar før dei er komne rundt til alle.
Les heile saka
For den som kunne tenkt seg å teke idrettsmerke, blir det anledning til det i dag kl 11.30 på Bordholmen. Dit kjem to representantar frå friidrettsgruppa for å bistå dei som dukkar opp.
Her finn du krava til dei ulike greinene: http://home.online.no/~vidsimm/krav.htm
Todalen Sanitetsforening driv no med førehandssalg av loddar på eit fint maleri dei har fått til utlodding med kunstnaren Ingun Redalen White. Trekkjinga skjer på adventskafeen i Sanitetshuset den 9. desember. Da Todalen.no var innom Matkroken L.Hals var det ledaren i Todalen sanitetsforening, Åse V. Redalen som sørga for loddsalg til iherdige kjøparar.
Les heile saka
Den siste tida har det vore eit par dagar med uvanleg temperatur for november. Det har faktisk vore nemnt temperaturar heil opp mot 19-talet. Jon Bruset har sett på arkivet sitt, der han har registreringar heilt frå 1990. tatt en sjekk på høge temperaturer i november sia 1990. Onsdag registrerte han 16,8 grader som maksimumstemperatur, men det holdt ikkje til «pallplass» ein gong. Rekorden frå perioden 1990 – 2012 vart sett 6. november 2003, da det vart registrert 20,8 varmegrader.
Les heile saka
Eldremiddagen samlast kvar onsdag i Sanitetshuset til middag. I går hadde dei samling, der det stod omnsstekt laks og fruktsuppe på menyen, og sjølvsagt kaffe og kaker etterpå. Det serveres god og heimlaga mat, og dette tiltaket sett deltakarane stor pris på. For det er ikkje berre mat, det er sosialt også. Enkelte gong er det også anna program på arrangementa. Slik som forrige onsdag, da feiarane Jon Arne Nordvik og Hans Kristian Haarstad troppa opp for å informere om «Brannvern for eldre».
Les heile saka
Pakkhuset Kro har laurdag åpen pub melder eigar Erling Halle. Her vil det bli feiring av ny sponsor til vegstubben som ingen vil ha på Todalsøra.
«Asfaltpuben» opnar kl 21.00.
Klubben i mitt hjerte 2012 arrangeres av Norges Idrettsforbund, Nordea, P4 og Dagbladet. Her er det muligheter til å stemme fram sin favorittklubb, og Todalen IL er naturligvis meldt inn som en kandidat. Stemmelokalet på Dagbladet.no åpnet 17. november fra kl.00.01, og er åpent frem til kl.12.00 fredag 30.november.
Les heile saka
På formiddagen i dag har Todalen.no vore nede etter trøbbel med programvareoppgradering på serveren (kl 07.58 – 12.13). Vi beklagar det inntrufne.
Laurdag 24. november er det duka for ny «julmess». Denne gongen er det den tradisjonelle førjulsaktiviteten i Mastua i Nistua på Nordvik, der det blir ope mellom kl 12 til 17. Der blir det eit variert utval i produkt å få kjøpt, og litt tå kvart både for auge og gane. Kristine tek julefotograferinga i stabburet og lagar julekort, medan Arve bakar og sel flatbrød direkte frå steketakka.
Les heile saka