Denne veka er det stordrift med granhogging i Brusetmarka. Det er deler av granfeltet til Ola Bruset som no skal til pers, og i denne omgangen skal det driver fram ca 12-1500 m3, av eit totalt omfang på nærare 6000 m3. Det er Sollid Skog AS i Surnadal som arbeider med ei stor hogstmaskin og ein last bærar til å kjøre fram tømmeret. I tillegg har dei og ei gravemaskin tilgjengeleg for å lag korte køyrevegar der det er naudsynt for å få fram tømmeret.
Les heile saka
Tirsdag 5. mars kl 18.00 på Surnadal Ungdomsskole arrangerer IL Søya – fotballgruppa Fair Play-kveld for både store og små fotballspillere og foreldre – og selvfølgelig alle andre fotballinteresserte i Søya. Klubben ønsker at samtlige spillere – og flest mulig foreldre setter av denne kvelden. Da kommer nemlig Per Ravn Omdal, tidligere fotballpresident og UEFA-styremedlem på besøk, og det ligger an til en storslått feiring av en klubb i medvind. Per Ravn Omdal kommer i den anledning som «Fair Play-ambassadør» i forbindelse med Fair Play-prisen som IL Søya er tildelt for 2012 i Nordmøre og Romsdal Fotballkrets.
Les heile saka
Søndag 10. mars kl 11.00 er det gudsteneste i Todalen kyrkjem med sokneprest Bernt Venås. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Etter gudstenesta blir det årsmøte og kyrkjekaffe, melder soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen.
Arbeidet med å opne stikkrenner og skaffe avløp for oppsamla vatn held fram. Vegvoktarar og folk frå kommunen har vore i aktivitet heile helga for å skaffe avløp for alt vatnet. No er det stort sett opprydding og finpussing som pågår, samtidig som det er mindre nedbør fram til tysdag ettermiddag, da det blir litt snø etter meldingane til yr.no.
Les heile saka
Ikkje så alt for mange trossa styggveret laurdag og tok turen til Sanitetshuset på strikkekaffe. Men dei som kom fekk også denne gongen sitte i triveleg selskap og utveksle erfaringar og beundringar for arbeidet sitt. Nokon gjekk også denne gongen heimatt med ny lærdom på strikkefronten.
Les heile saka
Nils Ove Bruset har starta på den 90 km lange turen frå Sälen til Mora i Vasaloppet 2013. Det er han ikkje aleine om, for det er i år 15.800 deltakarar fra mange nasjonar som er påmeldt som deltakarar i årets Vasalopp. Dersom du følger med på sendinga fra Vasaloppet på TV2, kan du sjå etter startnummer 13477, og på den digitale resultatservicen har vi alt registrert at han har passert Mångsbodarna på mellomtida 1.55.39 i skrivende stund (kl 10.05).
Les heile saka
Uværet har sett sine spor også i Todalen. Det er først og fremst den sterke vinden som har ført til at anlegget til Todalen Båtforening har fått skade etter at flere trosser har røket. I en pressemelding til Todalen.no, skriver leder Lars Stensby: «Todalen Båtforening har hatt skader i havneanlegget. Vinden har satt is, brygge og båt i bevegelse.
Les heile saka
Dei fleste i Todalen er å finna innomhus i dagens grisvêr. Redaksjonen har vore på ein liten runde rundt byda for å sjå om det er store vassmengder rundt om. I småbåthamna er for eksempel landgangen ned til båtutlegget i ferd med å løsne, så her kan det nok føre til fleire skadar på både båten som ligg der, og sjølve utlegget.
Les heile saka
Todalsen sokneråd inviterer alle born til aktivitetsdag i kyrkja. Det skjer laurdag 9. mars, i tidsrommet frå kl 12 til ca kl 15 i Todalen kyrkje. Da skal dei lage påskepynt, og pynte kyrkja til påske. I tillegg vil dei fortelje om faste og om påska, og det blir song og sjølvsagt ein matpause.
Les heile saka
Onsdag var det mange ulike skapningar å treffe i barnehagen. Ungane og dei tilsette arrangerte denne dagen karneval, der det var både prinsesser, muskelmenn, brannmenn og sauer som deltok. Frå styrar Jorunn Nordvik har vi fått tilsendt to bilder og ei lita helsing. Ho skriv: Hei! Her kjem nokre bilder frå ein fornøgd gjeng! :o) […]
Les heile saka
Skigruppa har denne veka fulgt langtidsvarslet jevnt, sidan Todalen Idrettslag er oppsett som arrangør av sonerenn søndag den 3. mars. Leiar i skigruppa Jorid Haugen Ansnes varsla på formiddagen i dag om at rennet er avlyst grunna null skiføre, mykje is og vatn over alt. Dette er det tredje rennet i årets sesong så langt som er avlyst. Både Bæverfjord og Søya har også måtte kaste inn handuken grunna lite snø.
Les heile saka
Torsdag er det både vind og nedbør i vente, med en del snø i indre og høgareliggande strok. YR.NO varslar vanskelege kjøretilhøve utover torsdag og fredag. Nedafor kan du lese tekstvarsel for dei komande dagane.
Les heile saka