Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laurdag: Vi trør i gang Todalsdagen!

Laurdag: Vi trør i gang Todalsdagen!

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2013

Siste fredagskvelden før Todalsdagen det tid for å ta de siste skippertak før arrangementet blir blåst igang laurdag morgon. Men årets stemnegeneral Knut Bergli såg ut til å ha alt under kontroll, og var stolt over programmet han kunne presentere for årets Todalsdag. Fotball for dei minste står nok i høgsetet, slik som tidlegare år. Mellom tretti og førti lag stiller på Bordholmen i føremiddagstimane på laurdag. Alt kl 09.30 startar dei første kampane, og dei held ballen i gang til siste finalen kl 15.45. Men hovudattraksjonen blir nok mosjonsløpet «RætaOpp», der ordførar Mons Otnes fyrer laus startskotet kl 12.00.

Les heile saka

Ein fin midtsommarstur

Ein fin midtsommarstur

Elinor Bolme Torsdag 27. juni 2013

Kristian Gjeldnes har sendt oss nokre bilder som vart tatt på toppen av Ytre Sula ved midnatt 22. juni 2013. I forbindelse med midtsommar og den lyseste natta i året tok han turen til toppen av Sula.

Les heile saka

Fotografering til ny bygdebok.

Fotografering til ny bygdebok.

Elinor Bolme Torsdag 27. juni 2013

I sommar skal bygdebokkontoret ta bilde av heimane i Todalen for bruk i den nye bygdeboka. Fleire innbyggjarar har ytra ønskje om å få vita når fotografen kjem slik at dei kan få rydda opp kring huset eller måla ferdig før dei dukkar opp med fotoapparatet, skriv ansvarleg for prosjektet, Norunn Holten i ein epost til redaksjonen.

Les heile saka

Tid for skyteprøve for storviltjegrar

Tid for skyteprøve for storviltjegrar

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. juni 2013

Søya og Todalen skytterlag melder at det er tid for skyteprøve for storviltjegrar. Det foregår på lagets skytebane i Ranheimsvingen på Kvanne, og laget har sett opp følgande datoer for øveingsskyting og skyteprøve:  1/7 -15/7 – 22/7 – 29/7 – 5/8 – 12/8 – 19/8 – 26/8.  Skytinga pågår i tidsrommet 18.00 – 20.00


Todalsdagen: Premiere for programheftet…

Todalsdagen: Premiere for programheftet…

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. juni 2013

I dag er det klart for presentasjon av årets programhefte for Todalsdagen 2013. Det er Knut Bergli som ghar vore redaktør for årets programhefte, og det er på heile 20 sider med redaksjonelt stoff om Todalsdagen og sjølv sagt annonsar frå mange og trufaste annonsørar. Det er Lillian Halle som har vore grafisk designer, og det vart ei stasesleg programhefte som no blir distribusert i postkassane lokal og som distribueres «world wide» via Todalen.no og facebook.

Les heile saka

RætaOpp – stiller du?

RætaOpp – stiller du?

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. juni 2013

Fotballfest for dei minste er kanskje det beste kjenneteiknet på Todalsdagen, men hovudattraksjonen er nok mosjonsløpet «RætaOpp», som hadde sin premiere i fjor under Todalsdagen med over hundre deltakarar. Laurdag er det ny satsing, og da reknar vi med mange fleire deltakar, fortel Knut Bergli og Ingvild Kårvatn i Todalen Idrettslag når dei promoterer løpet. RæteOpp er som sagt eit mosjonsløp på ca 3 km, med start og målgang på Bordholmen stadion.

Les heile saka

Kampoppsettet for Todalsdagen 2013 er klart

Kampoppsettet for Todalsdagen 2013 er klart

Elinor Bolme Tysdag 25. juni 2013

Da har sekrereriatet i fotballgruppa satt opp endeleg kampoppsett for laurdagens fotballturnering under årets Todalsdag. I siste liten brukar det alltid å komme endringar, men vi satsar på at siste endring kom seint i går kveld slik at oppsettet under blir gjeldande på laurdag.

Les heile saka

Har nokon startpistol?

Har nokon startpistol?

Elinor Bolme Måndag 24. juni 2013

Knut Bergli i Todalen Idrettslag  skulle gjerne ha fått tak i ein startpistol til laurdagens «Ræta opp».   Det sies at idrettslaget har hatt ein før, og han lurar på om nokon veit kvar denne eventuelt kan befinne seg no. 

Etter halvanna time får Knut beskjed om at pistolen er lokalisert. Forsvarleg oppbevart sidan sist den har vore i bruk, i safen på Nedbrettshaugen hos Lars Stensby.


Dugnad før Todalsdagen

Dugnad før Todalsdagen

Elinor Bolme Måndag 24. juni 2013

Fotballgruppa og anleggsgruppa i Todalen IL inviterer til dugnad i forkant av årets Todalsdag på Bordholmen. Det har vorte satt opp to dagar, både i morgon tysdag og fredag.

Ta med høveleg utstyr som for eksempel kantklippar, rive, gaffel, slegge, spett og anna motorisert kjøretøy.

Les heile saka

Laks tatt ved Øyabrua

Laks tatt ved Øyabrua

Elinor Bolme Måndag 24. juni 2013

Peter Ploss frå Tyskland og mangeårig fiskar i Toåa har no på føremiddagen tatt ein laks på ca 3-4 kg nedanfor Øyabrua. Redaksjonen fekk tilsendt bilde etterkvart, og håpar fleire sender inn bilde og litt tekst når dei får noko på kroken utover sommaren.

Les heile saka

Laksfestivalen i full gang

Laksfestivalen i full gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juni 2013

Til tross får litt dårleg festivalvêr i starten har det vore mykje folk innom til Norsk Laksefestival som i skrivande stund er i full gang på Skei i Surnadal. Det var start torsdag, medan martnadsgata opna fredag ettermiddag. Det lagt opp til program heile helga, og på kveldstid var det fredag kveld utedans ved kulturhuset. Laurdag starta alt kl 07 med fiskekonkurranse og martnasgate frå kl 10. Laurdag kveld er det utekonsert med Bonnie Tyler og Return, og vêrprognosane er slett ikkje verst for laurdagskvelden.

Les heile saka

Enno ikkje for seint for rododendronblomstringa!

Enno ikkje for seint for rododendronblomstringa!

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juni 2013

Vi minner om at det fortsatt er muleg å få med seg rododendronblomstringa i Svinviks arboret ! Unn deg deg ein kopp kaffe og ein pustepause i den frodige hagen. Arboretet er ope onsdag – søndag frå 12.00 til 17.00. Siste nytt er at det no er opna eit lite butikkhjørne i kafeèn, med fine småredskap og hanskar til hagearbeid, villsaugarn frå Hjellnes, nydelege sjal frå Oppistufrua og andre fine småvarer. Verdt eit besøk!

Les heile saka