Miljødirektoratets regulering av laksefisket i elvane på Nordmøre får ingen store konsekvendsar for fisket i Toåa. Fisketida blir ikkje endrat – det kan fiskes laks og sjøaure i Toåa fram til den ordinære sesongslutt som er 15. august. Frå laurdag 27. juli innføres gjenutsetting av hofisk av laks. Dette blir gjort for å sikre oppgangen av gytefisk i Toåa og fleire av dei andre Nordmørselvane.
Les heile saka
Med 2-3 finvêrsdager etter kvarandre er vi er snart vant med skikkelege sommartemperaturar no. Med gradstokken mellom 25 og 30 grader begrenser aktivitetsnivået seg likevel litt. Vi let oss ikkje friste av moltemyrane som dreg folk opp bratte lier i solsteiken, og tok heller ein tur til Nauståfossen. Den let seg ikkje akkurat imponere av størrelsen i dag, med du verden så godt det var å stå i det forfriskande gåvet frå fossen da vi kom fram.
Les heile saka
I epost frå Martinus Torvik har vi fått informasjon om sesongstart i Stavganggruppa. Han skriv: «Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag startar haustsesongen med å møtast ved Arboretet i Svinvika laurdag den 3. august klokka 11.00. Dit er vi invitertye av Norsk Vandrefestival og vil bli møtt av Bodil Gjeldnes. Marsjeringa blir å foregå i Arboretet sitt nærområde. Sjå ellers terminlistat vår og Vandrefestivalen sitt publisrte program. Vanleg utstyr og utrustning. Vel møtt til ny sesong!»
Tysdag har det vore sommar i ordet rette forstand. Med temperatur langt opp mot trettitalet er det godt å finne en plass i skyggen, og passe på å ta inn nok væske slik at en ikke blir dehydrert og tørker ut. Det er no ferietid og mange er reist bort til eit eller alla feriemål, men det var da litt aktivitet å sjå på turen rundt bygda.
Les heile saka
Det tegnar til å bli eit bra molteår. Mange var nok bekymra for snøfall og kuldegrader som kom akkurat i blomstringstida, med det ser ut til at det var ugrunna bekymring. Med Jon Bruset har vi fått nokre bilder frå moltemyrane ved Tristeinane, og han fortel at det ligg godt tilrette for ein moltesesong av dei betre. Korleis det er andre plassar er vi usikre på, men vi tek gjerne mot ein kort rapport om korleis det er i Romådalen, Kvennsetdalen og andre aktuelle plassar.
Les heile saka
Søndag hadde Sigrun og Johan i Utigard på Ørsal besøk av hadelendinger som hadde spora slekta si attover til 7x-tippoldefaren Johan Ørsall som var brukar der i 1645. Johan hadde sønnen Karl, fødd i 1661 eller 1656. Han slo seg ned i Karlhaugen på Eidet som den andre brukaren som er kjendt der. Søskena Marit Bjørgeengen Christensen og Egil Bjørgeengen kunne følge slekta videre frå Karlhaugen til Mogstadbakken og Austitua Øye i Surnadal. Derfra bar det via Trondheim til Østlandet og Hadeland.
Les heile saka
No har IL Søya satt den absolutte sluttstrek for påmelding av lag til årets Søyacup laurdag 24. august. Dei har no pressa inn to knøttelag til (Todalen og Batnfjord) og har dermed utnytta maksimal kapasitet på baneanlegget på Søyabanen.
Les heile saka
Torsdag 1. august brakar Norsk Vandrefestival 2013 igang med årets hovedbase i Svinviks Arboret. Her er eit fullstappa program, med ulike aktivitetar for alle og einkvar. Fleire av aktivitetane er også denne gongen lagt til Todalen. Vi kan nemne tur på Rambjøra som ei oppvarming før offisiell åpnng av festivalen onsdag 31. juni med lokal […]
Les heile saka
Laurdag kveld vart eit rådyr påkøyrdt lika ovafor gammelvegen i Åsbøhauann. Ein rådyrbukk som kom i stor fart ut i vegbanen, og sjåføren hadde ikkje sjanse til å stoppe.
Les heile saka
Matkroken, som er vårt utsalgssted for todalen.no-effektar melder no om kun få todalen.no-koppar igjen. Etter ei finteljing har vi no berre 14 stykk att, der den eine er av det første opplaget i kvit, utan hank. Resten er svarte med hank.
Termosar derimot har vi fortsatt rikeleg av. Desse kan også kjøpast på Matkroken.
Les heile saka
Ein skulle tru at det meste av blomstersalget er unnagjort no, men det er full guffe enno, seier Ingeborg Langan som er butikksjef på Hageland i Surnadal. Det går enno mykje sommarblomster, og det er enno tid for å plante ut frukt- og bærbusker og mange andre fleirårige busker og staudar. Det er mange som no skiftar ut sommarblomster både i eigen hage, på gravsted og andre plassar.
Les heile saka
Stangvik sokneråd har i lengre tid syslet med tanken om å overvære en gudstjeneste i Nidarosdomen. Samtidig har det vært mere interessant når det foregår noe utover den ordinære gudstjenesten. I forbindelse med Olavsdagene i Trondheim, som avvikles i tidsrommet 27. juli – 2. august, blir det Åpningshøymesse med J. S. Bachs kantate nr. 80 søndag den 28. juli kl. 1100, med avslutning kl. 1300.
Les heile saka