SKUMLE ting kan skje i klatreveggen på STV torsdag 31. oktober mellom 17 og 19 når Surnadal trenings- og velværesenter inviterer til barneklatring på sjølvaste Halloween.
Les heile saka
SKUMLE ting kan skje i klatreveggen på STV torsdag 31. oktober mellom 17 og 19 når Surnadal trenings- og velværesenter inviterer til barneklatring på sjølvaste Halloween.
Les heile sakaStyret i Start 4H melder no om førebuingar til årets haustfest. Datoen er sett til søndag 3. november. I den anledning var alle medlemmene i kveld inviterte til Skulestua for å arbeide med prosjekta sine, i lag med klubbrådgjevarane Ragna Kvendset og Jon Olav Roaldset. Og fleire av dei yngste nytta anledninga godt, og fekk jobba bra med arbeidsbøkene sine.
Les heile sakaBortimot 70 mann møtte i kveld opp på Todalen Oppvekstsenter for å delta på Surnadal kommune sitt 1. orienteringsmøte i grendene om kommuneplanen som omhandlar areal- og samfunnsdel. Frå kommunen møtte ordførar Mons Otnes, rådmann Knut Haugen, kommunalsjefane Karin Halle og Inge Skogheim, rådgjevar Råg Ranes og arealplanleggar Håvard Stensønes.
Les heile sakaMåndag 21/10 vart det nye postkassestativet på Halla offisielt opna. Sidan det gamle stativet bles ned for eit par år sidan, har eit nytt stått øvst på sentrumsplana for Hallagrenda. Tidlegare stod det ein mjølkeramp på andre sida av vegen. Dette var eit samlingspunkt i grenda, og gav ideen til å bygge eit postkassestativ i same stil. Det er kårkallane Eivind og Trygve som har stått for bygginga. Oppdragsgjevarane Olav og Frode er svært godt fornøgd, og tykkjer resultatet vart over all forventning. Dei vil også nemne at finansieringa av prosjektet har vore svært gunstig.
Les heile sakaKutt i antall årsverk, sammenslåing av skuler og utsettelse av både sentrumsplan og utbygging av Øye skule. Dette var nokre av tiltaka rådmann Knut Haugen la fram for politikarar, tillitsvalgte og administrasjonen i Surnadal under budsjettkonferansen 23. og 24. september på Smøla.
Les heile sakaBibliotekar Karen Johanne Talgø melder om at biblioteket ved Todalen oppvekstsenter held stengt førstkomande torsdag grunna stemmerettsarrangementet på Gammelfabrikken.
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal reiser tirsdag 22. oktober til Todalen der Olina Halle tek i mot. Ho har tromma saman ein gjeng med dansarar frå området. Arkivet skal filme og intervjue dansarane og håper mellom anna å få sjå: Polsdans, springar, polka med stæt, halling osv.
Les heile sakaDen nye salmeboka, musikktalent, bryllaupstonar og korsong står på menyen når Stangvik kyrkje opnar for ein variert musikkveld onsdag. Allsongen er viktigast – for her skal alle få smake på den nye salmeboka. Både velkjende og nye songar får sleppe til. Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor har alt mange nummer frå «Norsk Salmebok 2013» på programmet sitt og gir korversjonar av desse attåt andre korperler.
Les heile sakaStavgangruppa i Surnadal pensjonistlag trossa sluddbyene og la ut på årets siste stavgangtur frå Vang skiarena på Kvanne sist fredag. Turen etter gammalvegen mot Stangvika vart kanskje litt nedkorta, men det var ein skikkeleg friskt vêrtype da dei kom att og benka seg rundt kaffebordet i klubbhuset. Da var det godt med varm kaffe og nystekte bakels, som stavgangstyret hadde sørgja for.
Les heile sakaDet var god stemning da Byggmakker Surnadal inviterte til damenes aften torsdag kveld. Dette er eit årleg «høgdepunkt», og eit stort hundretal damer sette kvarandre i stemne når dei fekk presentert nyheiter om måling, tapet og design og anna som er det «hotteste» på interiørfronten akkurat no. Ellers var nok Ida Dønheims innslag om vin og tapas med tilhørande smårettsmaking populært innslag.
Les heile sakaNok ei avstemning for månadens bilete er avslutta, og for september kan vi gratulere Lisabeth Svinvik som vinnar av månadens termos, med biletet «Rypejakt i solnedgangen». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Les heile sakaSøndag 20.oktober er årets TV-aksjon NRK. I år går innsamla middel til Nasjonalforeningen for folkehelsa sitt arbeid med demens. Over 70 000 mennesker i Norge har Alzheimer eller ein anna demenssykdom. I løpet av dei neste tiåra vil antallet fordobles. Ta vel i mot bøssebærarane som kjem på døra. I år som i alle år før, […]
Les heile saka