Det tegnar til å bli eit bra molteår. Mange var nok bekymra for snøfall og kuldegrader som kom akkurat i blomstringstida, med det ser ut til at det var ugrunna bekymring. Med Jon Bruset har vi fått nokre bilder frå moltemyrane ved Tristeinane, og han fortel at det ligg godt tilrette for ein moltesesong av dei betre. Korleis det er andre plassar er vi usikre på, men vi tek gjerne mot ein kort rapport om korleis det er i Romådalen, Kvennsetdalen og andre aktuelle plassar.
Les heile sakaHadelendinger med røtter i Todalen
Søndag hadde Sigrun og Johan i Utigard på Ørsal besøk av hadelendinger som hadde spora slekta si attover til 7x-tippoldefaren Johan Ørsall som var brukar der i 1645. Johan hadde sønnen Karl, fødd i 1661 eller 1656. Han slo seg ned i Karlhaugen på Eidet som den andre brukaren som er kjendt der. Søskena Marit Bjørgeengen Christensen og Egil Bjørgeengen kunne følge slekta videre frå Karlhaugen til Mogstadbakken og Austitua Øye i Surnadal. Derfra bar det via Trondheim til Østlandet og Hadeland.
Les heile sakaAbsolutt sluttstrek satt
No har IL Søya satt den absolutte sluttstrek for påmelding av lag til årets Søyacup laurdag 24. august. Dei har no pressa inn to knøttelag til (Todalen og Batnfjord) og har dermed utnytta maksimal kapasitet på baneanlegget på Søyabanen.
Les heile sakaSnart klart for Norsk Vandrefestival 2013
Torsdag 1. august brakar Norsk Vandrefestival 2013 igang med årets hovedbase i Svinviks Arboret. Her er eit fullstappa program, med ulike aktivitetar for alle og einkvar. Fleire av aktivitetane er også denne gongen lagt til Todalen. Vi kan nemne tur på Rambjøra som ei oppvarming før offisiell åpnng av festivalen onsdag 31. juni med lokal […]
Les heile sakaViltpåkjørsel ved Åsbøen
Laurdag kveld vart eit rådyr påkøyrdt lika ovafor gammelvegen i Åsbøhauann. Ein rådyrbukk som kom i stor fart ut i vegbanen, og sjåføren hadde ikkje sjanse til å stoppe.
Les heile sakaKun få koppar igjen
Matkroken, som er vårt utsalgssted for todalen.no-effektar melder no om kun få todalen.no-koppar igjen. Etter ei finteljing har vi no berre 14 stykk att, der den eine er av det første opplaget i kvit, utan hank. Resten er svarte med hank.
Termosar derimot har vi fortsatt rikeleg av. Desse kan også kjøpast på Matkroken.
Les heile sakaFull blomstring på Hageland
Ein skulle tru at det meste av blomstersalget er unnagjort no, men det er full guffe enno, seier Ingeborg Langan som er butikksjef på Hageland i Surnadal. Det går enno mykje sommarblomster, og det er enno tid for å plante ut frukt- og bærbusker og mange andre fleirårige busker og staudar. Det er mange som no skiftar ut sommarblomster både i eigen hage, på gravsted og andre plassar.
Les heile sakaBusstur til Nidarosdomen
Stangvik sokneråd har i lengre tid syslet med tanken om å overvære en gudstjeneste i Nidarosdomen. Samtidig har det vært mere interessant når det foregår noe utover den ordinære gudstjenesten. I forbindelse med Olavsdagene i Trondheim, som avvikles i tidsrommet 27. juli – 2. august, blir det Åpningshøymesse med J. S. Bachs kantate nr. 80 søndag den 28. juli kl. 1100, med avslutning kl. 1300.
Les heile sakaPakkhuset i sommar…
Er du i Todalen på ferie, eller har lyst til å treffe folk som er her på ferie, så er Pakkhuset eit triveleg og uformelt treffpunkt. Pump luft i sykkelen og kom på Todalsøra på pubkveld!
Les heile sakaMiljødirektoratet regulerer fisket
Urovekkende lave fangster fører til at Miljødirektoratet gjør en ekstraordinær regulering av fisket etter laks i sjø og vassdrag i fire regioner, blant annet elvene på Nordmøre. Sannsynligvis blir det for lite gytefisk i flere vassdrag i de aktuelle områdene til høsten.
Les heile sakaBailldag med full trøkk
Tysdagens bailldag på Todalshytta ga full trøkk på kjøkkenet heile ettermiddagen, og det er tydeleg at potetballen til Åse er populær kost. Etter at ho gikk tom for potetball forrige tysdag, hadde ho sikra seg på at det skulle bli nok til alle denne tysdagen. Og nok vart det, men det var skikkeleg trøkk utover dagen, fortel Åse Grydeland Øyen, som er vertinne på Todalshytta.
Les heile sakaFellestur til Storsetra
Stangvik Historielag arrangerer førstkommande laurdag ei kulturell vandring til Storsetra i Stangvik. Det er oppmøte ved Bondehuset kl. 1030 og samkjøring til bommen på den nye skogsbilvegen.
Les heile saka