Problem med tilgang til breibandsleveransen skapte laurdag betalingskrøll i kassa på Matkroken. Den siste tida har breibandet vore ustabilt, og det har nok samanheng med arbeidet som Svorka Aksess held på med i forbindelse med oppgradering av nettet. Spesielt var det betalingsterminalen som skapte krøll, slik at dei måtte kjøre på reserveløysinga med kvittering.
Les heile saka
Vi saknar info til aktivitetskalenderen for etterjulsvinteren. For at alle skal få best muleg informasjon om kva som skjer i bygda utover vinteren, ber vi om at lag og organisasjonar og eventuelt andre sender oss ein e-post med slik info. Da vil vi legge inn informasjonen på dato, og det vil vises i aktivitetkalenderen.
Les heile saka
I neste veke er det premiere på dokumentaren «I Jan Baalsruds fotspor: Katastrofen i Tafjord». Det skjer onsdag 8. januar, og er ein dokumentar om krigsheltens dramtiske flukt i 1943. I denne dokumentaren vil vi nok treffe kjentfolk, da det er elitesoldatane Rune Gjeldnes og Ronny Bratlie som skal «kopiere» turen kan vi lese i førehandsomtalen på NRK.no
Les heile saka
På denne dagen må vi berre takke deg for besøket i 2013. Dere var mange som «stakk innom» oss på besøk i løpet av året. Todalen.no hadde i løpet av 2013 heile 343.483 besøk på nettsida, og dette er ein auke på 25,6% samanlikna med 2012.
Les heile saka
Tradisjon tru, så er det eit knippe isbadarentusiastar som opprettheld det som no må kunne seiast å vere ein tradisjon nyttårsaften. Da treffest dei for ei kjapp dukkert i todalsfjorden og prisar nytt år velkommen. I år er nok kanskje «isbading» å ta hardt i, da det var i overkant av 5 plussgrader i lufta.
Les heile saka
I dag er det nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje kl 16.00. Denne gongen er det takkoffer til Kyrkjebladet. Vi i redaksjonen vil samidig takke alle våre lesarar for eit år som har vore rikt på opplevingar. Takk til alle som har ytt bidrag med mange fine bilete og anna stoff, som har gjort at nettsida har hatt ei fantastisk utvikling i lesartal.
Vi ønskjer alle Godt nyttår!
Det er Sven Olav Svinvik som seier det, når han peiker ned på 6-7 gamle vindu som ligg slengt mellom gammelvegen og sjøen i vika innafor kammen. Nokon har rett og slett stoppa og lempa ein heil palle med gamle vindu nedover skråninga mot sjøen. På eit par andre plassar var det også hiva fleire sekkar med søppel, som ein av dei andre grunneigarane i område har rydda bort i dag.
Les heile saka
Når rakettane kjem i butikkhyllene er det eit sikkert tegn på at vi nærmar oss nyttår med stormskritt. Det er ikkje noko unntak på Matkroken L.Hals, der det har vore eit bra rakettsalg i romjula, så det blir nok ei skikkeleg markering av nyttåret i Todalen.
Les heile saka
5. juledag (29.12) inviterer vertskapet, Synnøve og Erling, til open pub på Pakkhuset frå kl 21:00 og utover. Da kan du treffe både «innfødte» og utflytta todalingar til ein triveleg krokveld. Kl. 22:00 blir det JuleQuiz med premiering. Alle er velkomne!
Eirik Husby med gitar og historia «Talinda og Den Rare Radio» samla i overkant av 50 små og store på Pakkhuset Kro i ettermiddag. Historia handla om Talinda, på tre år som ein dag er ute i hagen og huskar og så blir ho treft av ein regndråpe frå himmelen.
Les heile saka
Todalen Idrettslag trekte fullt hus med julerevyen «På kanten av..» 3.-dagskvelden. Tidlegare på dagen var det «før-premiere» med 60-70 publikumarar i salen. Under hovudforestillinga om kvelden var ungdomshuset fylt til siste stol, og fotballgruppa som var vertskap rekna med at det var mellom 170 og 180 innafor dørene. Julerevy har lange tradisjonar i Todalen, og dette var eit kalrt bevis på at disse tradisjonane blir ført vidare.
Les heile saka
Det var nok det fine føret og varmegrader i lufta som gjorde att det vart rekorddeltaking på Romjulsmarsjen 2013. Det er nok første gong at over 160 deltakarar har delteke på romjulsmarsj, og TILs trimgruppe kom faktisk i knipe med sine 150 medaljer som dei var sikre på var nok. På vegen rundt bygda var det både Quiz-konkurranse, lotteri, tipping og ikkje minst servering av varm gløgg med tilbehør.
Les heile saka