Den som ferdes på vegane må no ta hensyn til at det er mykje hjortevilt langs vegkantane. Onsdag kveld var det to påkjørslar, der det både vart skade på bil og hjort som måtte bøte med livet. Den eine skjedde ved Heggjeskaret mellom Husby og Halla, medan den andre skjedde i Lykkjebygda i nærleiken av Hauahylla, fortel ledar i vilnemnda i Surnadal kommune, Ragnar Halle.
Les heile saka
Kjerringdilten er ein årleg tradisjon ved Skihytta på Ørsalfjellet. I år er føresituasjonen slik at Todalen Idrettslag desverre ser seg nødd til å avlyse arrangementet som skulle gått på langfredag. Det er meldt tildels store nedbørsmengder på torsdag, og det vil bare forverre situasjonen. Hytta er imidlertid bemanna på langfredag, så det kan by seg både kaffe og bakels dersom du tek turen likevel. Knut og Torkjel sørgjer for sol, bakels og kaffe frå kl 12!
Les heile saka
Det var altså ”korleis-har-du-det-i-dag”-helsing på swahili, som er det offisielle språket i Tanzania! Eg studerar fysioterapi ved Høgskolen i Bergen. Dette er andre året mitt, og har no nettopp fullført 3 månadar med praksis i Tanzania. Eg har denne perioden arbeidd på eit internasjonalt sjukehus i Dar es Salaam og Moshi. Sjukehuset, CCBRT, er drevet av midlar frå Europa, Canada og Australia og har i tillegg arbeidskraft og innflytelse frå heile verda. Eg reiste nedover med ei god venninne og medstudent, Carina. I tillegg hadde vi to fysio-medstudentar frå Minnesota, USA, som vi samarbeida med under opphaldet.
Les heile saka
Tidligere har det vært tradisjon ar syforeningen «Nystart» har holdt basar siste tirsdagen før påske. Imidlertid kom de med tilbud om at Nordvik Grendalag kunne overta denne kvelden hvis de ønsket dette. For grendalaget var dette et generøst tilbud siden det som oftest var mye påskegjester som kom på denne basaren, og inntektene pleide og være deretter.
Les heile saka
Ved Matkroken L.Hals er det kioskopen butikk på skjærtorsdag, påskeaften og 2. påskedag. Drivstoffanlegget er ope heile påska for kortbetaling, og elles i opningstida for kontantsalg av drivstoff. Onsdag er butikken open i tidsrommet 09.00 – 18.00.
Les heile saka
Konsert kan vera kulturell påskeniste, seier organist Bernt G. Bøe og soknerådsleiar i Todalen, Ildri Øyen. Nordmøringar har eit fint tilbod skjærtorsdag og langfredag. Festivalkvartetten (Alex Robson og Åshildf Nyhus, fiolin, Anders Rensvik, bratsj og Joakim Munkner, cello) og solist Sigrid Vetleseter Bøe framfører klassisk og nyare musikk for song og strykarar.
Les heile saka
Byggenæringa i kommunen har for tida godt med oppdrag. Byggefirma Olav Haugen som har tilhald på Kvanne har den seinare tid utvida bedrifta, no også med kompetanse innan måling og flislegging. Den siste ansatte er Johannes Fjellås som har lang farstid innan begge nemnte fagområder. Tilsettinga gjer dermed at firmaet som er ein del av Norgeshuskjeda no kan levere bortimot full pakke til sine kunder, med alt fra skisser og prosjktering til ferdigstilling av hus.
Les heile saka
Tysdag straks før kl 15 var begge mobilnetta på lufta igjen etter rundt eit døgns fråvær. Feil på Telenors linje inn til Todalen slo i går ut både Telenors- og Netcoms mobilnett, og delvis har også fastnettet vore ute av drift på enkelte nummerserier. Dette har mellom anna skapt problem for enkelte trygghetsalarmar og ikkje minst når det har vore behov for akkutt helsehjelp eller anna alarmtelefonar.
Les heile saka
Tysdag ettermiddag sitt Mari Redalen på Matkroken L. Hals og selger støttemedlemskap i Todalen.no. Dersom du bidreg med ein hundrelapp blir du støttemedlem, og yter eit bidrag til arbeidet med å få ut ferske og lokale nyheiter frå Todalen på nettsida vår. Mari har ei lita overrasking til alle som tegnar støttemedlemskap no i påsketida – eit gratis sitteunderlag med Todalen.no-logo på.
Les heile saka
Ordførar Mons Otnes har på vegne av opprørte todalingar i dag forsøkt å få klarskap i manglande telefonforbindelse i bygda. Han har fått oppgjeve at det er brot nok ein gong i sendaren ved Ørsalen. I følge Telenor er dette no ei høgt prioritert sak og dei jobbar for fullt med feilretting, men dei kan ikkje på føremiddagen i dag fastsetje rettetida. Ordføraren håper at han får telefon før kl 16 i dag, om at alt er tilbake til normalt igjen.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er satt til laurdag 26. april frå kl 11-14 i Sanitetshuset.
Her vil dei ta i mot reine, heile klede, sko, leiker og anna høveleg utstyr som kan komme andre til nytte og glede.
Les heile saka
I løpet av ettermiddagen har mobilnettet falt ut. Dette gjelder både Telenor og Netcoms mobilnett. I skrivende stund (kl 18.00) er begge netta ute av drift, med eit svakt signal på Netcoms datanett som sikker kjem frå ein basestasjon utafor bygda.
Ein rask telefon (Det er nyttig å ha IP-telefon) til Netcoms kundeservice ga inga avklaring, men ein hyggeleg fyr lova å «lage sak» på dette, og da får vi sjå kva som skjer og kor lang tid det tek å rette feilen.