Denne søndagens søndagstur er det Surnadal idrettsråd som står for. Dei inviterer til nissemarsj på Skei. Idrettsrådet legg opp til eit triveleg adventsarrangement i friluft og håpar det skal bli eit skikkeleg langt tog med små og store nissar som togar gjennom sentrum denne dagen.
Les heile saka
I dag fikk leder i Todalen Sanitetsforening, Maren Ansnes ein overraskande telefon frå Kåre Ranheim hos Svorka. Svorka har i fleire år gjeve ein pengegåve til eit allmennyttig formål i staden for julegaver til leverandørar og samarbeidspartnere. I 2015 fall valget på Todalen Sanitetsforening.
På Svorka si heimeside står det om tildelinga: » Todalen Sanitetsforening har to viktige satsingsområder: kvinnehelse og omsorgsberedskap, og har vært aktive i forbindelse med en rekke kampanjer i 2015.
Les heile saka
I dagens kommunestyremøte har neste års budsjett stått på agendaen, og den viktigaste saka for todalssamfunnet er sjølsagt spørsmålet om nedlegging av Todalen skule. Etter debatten i dagens møte fall forslaget om å legge ut dette som høringssak med 15 mot 12 stemmer…
Les heile saka
Surnadal Bondelag vil ønske vel møtt til en ny sesong med Kløverstukvelder. Tradisjonen tro avholdes møtene mandag kl. 20:00. Kløverstua er nå pusset opp til et topp moderne møtelokale. Alle møter blir på Kløverstua, med mindre annet blir annonsert. Inngang mot nord. Bla vidare så finn du programmet for vinteren og våren 2016
Les heile saka
Søndag ønsker Todalen Sanitetsforning, Todalen Historielag, Todalen IL, FAU, PT-utvalget, Skustuas venner og Start 4H til velkomne til adventskaffe i ungdomshuset. Der blir det muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.
Les heile saka
For november kan vi kan gratulere Christopher Talgø som vinnar med biletet «Midnatt i November». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Vi treng stadig nye bilete, så send inn til oss på e-post red@todalen.no. Desember er siste sjanse for å vinne nåverande premie, Todalen.no-termos. Vinnaren av månadens bilete for desember er også siste deltakar i avstemninga for årets bilete.
Les heile saka
Julehandelen er i full gang på Kårvatn – butikken er full av flotte julegåvetips i alle prisklassar, og no er vi komne i skikkeleg julestemning, fortel Laila på Kårvatn Fjellutstyr. På laurdag kjem Ingvild Kårvatn og byr på krydderkake med god krem, snickerskake, kaffe og gløgg.
Les heile saka
Stangviks eige jentekor er hovudaktør når Stangvik kyrkje også denne fredagen inviterer til juletonar. Med seg på laget har dei både Todalskoret, Åsskard kyrkjekor, Turid Kroknes,Torgrim Tunes og Christian Madaus på fløyte.
Les heile saka
Ingvild Kårvatn melder at i kveld, onsdag 9. desember, er det ledige plassar på topptaukurs i klatreveggen i Surnadal trenings- og velværesenter. Dette er eit enkelt innføringskurs i korleis ein sikrar barn og vaksne under klatring. Det er ingen krav om forkunnskapar eller erfaring i klatring. Instuktør er Lars Inge Harang, og kurset startar klokka […]
Les heile saka
Dagens happening var å få ny kopimaskin opp i 2. etasje til kontora på Talgø. Den kom til gards i fleire deler, men 2 av delane var så store og tunge at den kunne ikkje transporterast opp troppa i hovudinngangen. Det vart lufta mange kreative løysingar, som å ta ut eit av vindauga for å få den inn. – Løysinga vart å ta den inn via naudutgangen attmed spiraltroppa….
Les heile saka
I Pestufjøset har det skjedd mykje sia sist vi var innom. Framleis er det ein del som ikkje er ferdig, men båsrekkjene er på plass, og dei 2 robotane er på plass og rørleggarar, elektrikarar og maskinmontørar jobba på spreng for å få kopla til og satt i drift utstyret som skal til. Onsdag kjem dei første kyrne og flyttar inn…..
Les heile saka
Familien Gjeldnes/Skjerve er komne godt i gang med husbygginga på tomta si i Bekkerhagan bustadfelt. Litt originalt er det nok at dei har kjøpt eit gamalt tømmerhus i Rissa, som dei har flytta til Todalen. No er dei i gang med å montere det saman igjen, og det har gått radigt. Måndag trefte vi Rolf Lervik og Robert Ulfsnes, frå firma Lervike AS på byggeplassen. De var i full gang med å bygge stillas for moteringa av tak på huset.
Les heile saka