Nils Ove Bruset har sendt oss bilder frå frå topptur til neådalssnota sist laurdag. I ein e-post til redaksjonen skriv han at det var tungt og seigt føre og følget bruka mykje lengre tid enn vanleg på turen. Om turen skriv Nils Ove: «Laurdag gjekk turen til Neådalsnota. Det er ein tur som vanlegvis tek 7-8 timar. På denne turen bruka vi ca 12 timer, for det var så seigt føre. Vi gjekk på beina forbi Dalasetra, og kunne ikkje ta på oss skiene før midt mellom Dalasetra og brua over Tveråa. Vi gjekk mellom barflekkar heilt oppi Naustådalen.
Les heile saka
Todalingane har stor interesse for å ta vare på bygdehistoria si – søndag samla Todalen historielag rundt 60 deltakarar på kulturvandringa som denne gongen foregikk på Hjellnes, der vi både fikk sjå å høre om historia for dei to gardane – Nestua og Oppistua. – Dei eldste husa som står på Hjellnes i dag er frå midten av 1800-talen, men det er dokumenter aner attover til 1645.
Les heile saka
Pål Ivar Ugedal Øyen, Buvika. Oppvokst på Solvollen med pappa Bjørgulf og mamma Solvor og to mindre søsken, Britt Iren og Jan Vidar
Les heile saka
Laurdag troppa det opp to store lastebilar frå Ottem ved Matkroken. Dei var utstyrt for vegvasking, og når vi fikk kontakt med sjaførane kunne dei fortelje at dei hadde i oppdrag frå Vegvesenet å vaske Svinviktunnelen. Presis kl 10 sette dei i gang, og spyla ut all lort og støv som har samla seg i løpet av vinteren.
Les heile saka
Ein laurdag med sol og varme har nok inspirert mange til utandørs aktivitetar i dag. Vi har hørt plenkløpparar rundt heile bygda og mange har jobba med hagearbeid og anna tidtrøyte. Attmed Sandstadkrysset hadde Maria og Edel Therese opna utebutikk på vegkanten, med salg av saft og grasløk. Salget av saft gikk bra, men med grasløken gikk det atskillig tregare! Kanskje prisen var feil?
Vi er godt i gang med mai, og det betyr at vi skal stemme fram månadens bilete for april. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Nedanfor finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden. Stem på din favoritt her.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag hamna ein buss i grøfta i Rabban på Nordvik. Bussen kom nok litt for langt utpå kanten da den møtte ein personbil, og dermed ga vegkanten etter og bussen hamna i grøfta. Det var to bussar i følge som hadde henta folk i Todalen, som var på veg til Surnadal, da den eine hamna i grøfta. Det var ingen dramatikk, men passasjerane måtte evakuerast ut gjennom takluka på bussen, og det gjekk greit uten at nokon vart skadd.
Les heile saka
På Stabburstaket i Nilsstua har det i år hekka ei grågås. Dette har vi tidlegare omtala på Todalen.no for eit par veker sia. Fredag 20. mai var nok den store dagen og 5 fine grågåsungar vart klekte. Laurdag føremiddag fikk vi bilder av at mora tok ein luftetur med ungane på stabburstaket. Og alt laurdag ettermiddag var tida komen for avreise. Jon Bjarne, Liv Ingrid og Stig satt på terrassen og såg på at dei fem ungane hoppa ned frå taket – ein etter ein…
Les heile saka
Slik lyder ei strofe frå salmen « Så stilt som berre vinden snur» som er dikta av Edvard Hoem
Onsdag 25.mai kl.19.30 blir det Vårsongkveld i Ranes kyrkje.
Les heile saka
Med konsertprogrammet «Ville vekster i rosentiden» hadde Billucas nærast førpremiere i Todalen kyrkje fredag kveld. Dei har turnert litt i distrikts-Trøndelag i april og mai, men programmet skal lanserast i Frimurerlogen i Trondheim først søndag kveld. Og todalspublikumet tok vel i mot dei og fekk faktisk skryt for at dei var lydhøre.
Les heile saka
Surnadal museum og Surnadal hagelag samarbeider om årets «hagedag» på museet på Åsen laurdag 21. mai. Hagelaget held sitt årlege planteloppemarked i gardstunet – her kan du finne eit spennande utval av planter og samtidig støtte ei aktiv forening! Museet inviterer litt seinare til boklansering, det er kildeskriftet «Jacob Chr. Tokles dagbok 1827-1838» som blir gitt […]
Les heile saka
Torsdag hadde Stavgangruppa tur til Brusetmarka, Storfossen og Tjønnmyra på programmet. Med Gammelfabrikken som base og eit 40-tals frammøtte bar det ut på trimtur. Trimturen vart lagt opp Falla, med turopplegg etter eige ønskje med tanke på lengde og varigheit.
Les heile saka