Norsk Laksefestival er godt i gang og lardag ettermiddag var det eit yrande liv i marknadsgata på Skei. Og det såg ut til at folk var i handlehumør, for dei aller fleste bar på ein eller fleire bæreposar og det var trøkk på dei fleste salsbuene på Skei-plassen, der det meste av aktioviteten var samla. Eit av høgdepunkta var nok premieutdelinga for fiskekonkurransen, for aldri har vi vel sett eit slik «panel» med heile til laksefiskarar med kvar sin laks.
Les heile saka
Dei siste dagane er det sett opp «mystiske» boksar rundt vegane i Todalen – og kanskje andre plassar. Det er mange som har lurt på kva dei grå boksane inneheld og kvifor deit står der. Ein telefon til Vågland løyste mysteriet, og vi kan røpe hemmeligheita for deg….!
Les heile saka
Det årlege lotteriet i samband med Todalsdagen er i gang – og loddsalet går føre seg på Matkroken i opningstida denne helga og vidare utover veka til Todalsdagen, og da er trekninga ein del av programmet under Todalsdagen laurdag 2. juli. Hovudgevinsten er ei hagemøbelgruppe frå Talgø men det er fleire flotte premiar, seier Knut Bergli som er «stemnegeneral» for Todalsdagen.
I går kveld starta Husby Vel sitt bolystprosjekt for alvor etter fleire år i dvale. Grenda som har 6 husstandar i Bekkerhagen har i fellesskap vedlikehald av leikeplassen på nedsida av vegen innover til Myra. Og med tilflytting både i Bekkerhagen 10, og på Bjørnrud såg velforeninga behov for oppgradering av det felles uteområdet.
Les heile saka
I dag er det ein stor merkedag, når vi endeleg kan presentere det første bindet i den nye bygdebokserien, sa Lars Polden som er leiar i bygdeboknemnda i kommunen. Det første bindet omhandlar Todalen, eller rettare sagt frå Åsbøen, med Nordvik og Todalen opp til Kårvatn. Målsetninga var ein revisjon av den gamle Hyldbakk-boka «Heimar og ettar i Stangvik», men den nye boka er mykje meir – meir av alt.
Les heile saka
Vårsesongens siste tur for stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag gikk til Nauståfossen i Todalen. Det var samling på parkeringsplassen ved Kårvatn før start og så gikk turen innover til Nauståfossen som viste seg i sin finaste skrud denne dagen. Turen innover gikk etter vegen til hyttefeltet og vidare etter stien gjennom skogen fram til Nauståfossen som […]
Les heile saka
Onsdag kveld møttest ivrige turgåarar ved Hals, veret var godt, men sola heldt seg bak skyene. Vi fylte opp bilane og kjørte til Nordvik.
Les heile saka
Gruppespelet i EM er ferdig, og vi startar på sluttspelet. Det er morosamt at så mange har blitt med på tippekonkurransen, og vi håpar engasjementet fortsetter utover i sluttspelet. Første åttandedelsfinale startar laurdag klokka 15, så hugs å tippe ditt resultat før den tid.
Les heile saka
For tredje året på rad arrangerte Rehabiliteringsavdelinga og Dagsenteret onnadag på tunet mellom Rehab og pensjonærbustadene. Veret vart riktig bra, og det vart eit yrande folkeliv med små og store i felles aktivitet og riktig triveleg samver. Det var berre blide og glade folk i alle aldrar å sjå!
Les heile saka
Dei siste kveldane har det vore iherdig snakkarar på ferde på Bordholmen. Dei ungdommelege snakkarane har bygd ein platt/terrasse på 75 m3 framfor klubbhuset. Det var «paddmark» og ujamt framfor der og plassen skal no kome til nytte for plassersing av bord og benkar både under trening og ikkje minst under Todalsdagen.
Les heile saka
Det er nok mange som har lurt på når den nye bygdeboka kjem, og no kan vi røpe det. Den kjem no, og blir å få kjøpt frå fredag 24. juni og premieren skjer på eigen stand på Norsk Laksefestival på Skei, fortel Norunn Holten frå Bygdebokkontoret i Surnadal. Dei har også planlagt å ha stand på Bordholmen under Todalsdagen den 2. juli, der du kan få kjøpe den nye bygdeboka for Nordvik og Todalen som er første bind.
Les heile saka
Komande torsdag er det premiere for årets laksefestival. Den startar alt på føremiddagen med fagkonferanse, der det blir sett fokus på laksefisket og villaksen. Men laksefestivalen er så mykje meir det, og det bys både på konsertar, tivoli, marknadsgate, fiskekonkurranse og mange andre ting frå scena framfor Surnadal kulturhus.
Les heile saka