For Todalen I.L. er det tid for innkrevjing av medlemskontingent, melder styret. Den siste tiden har alle fått lagt i postkassen med info om medlemskontingenten for 2016.
Les heile saka
For Todalen I.L. er det tid for innkrevjing av medlemskontingent, melder styret. Den siste tiden har alle fått lagt i postkassen med info om medlemskontingenten for 2016.
Les heile sakaDa vi stakk innom Todalshytta på føremiddagen i dag var det full aktivitet på kjøkkenet. Tysdag er balldag på kjøkkenet var Åse Øyen og Jan Larsen i fullgang med førebuingane til balldagen. Og det var ikkje berre ei lita ballgryte som var i emning, men det var storkasserollen som stod på omnen og gjorde seg klar for 60-70 posjonar med potetball.
Les heile sakaDet nærmar seg ein ny «moltesesong» og vi har fått ein liten rapport frå Jon Bruset, som er ein hyppig fjellvandrar, om stoda i fjellheimen. Litt tidleg er det nok enno, men etter bilda å dømme så vil det nok snart være modne molter enkelte plassar.
Les heile sakaVerneområdestyret for Trollheimen ønsker å kartlegge bruken av Trollheimen, slik at det kan leggjast betre tilrette for slik bruk som brukarane ønsker. I samband med dette er det kome opp kassar for slik informasjon og registrering. Vi har observert ein på vegen inn til Nauståfossen og no er det kome på plass ein på Talgøsetra – på stien som går opp til Bjøråskaret.
Les heile sakaEr du interesserti å fiske, men er litt usikker på korleis du kan kome i gang med fluefiske? Da har du ein ypperleg sjanse til å lære meir om dette no. No kan du bli med og lær deg å handtere fluestonga – både eihands og tohands! Torsdag 21. juli blir det nemelg arrangert fluefiskarkurs med Arve Evensen som instruktør. Dette blir eit nybyrjarkurs som går ut på lære om utstyret, instruksjon i kasteteknikk og – blir avslutta med trening i elva.
Les heile sakaIL Søya har nyleg fått laga eit eige kart over alle sommarturar i omlandet. Dette viser alle opparbeidde stiar og er merka med to ulike kategoriar; Trimturar og egna sykkelturar, heilt frå Gammelsetra i Stangvika til Inner Sulå på Nordvik. Kartet heng i storformat på Vang og viser veg.
Les heile sakaEit begeistra publikum trossa regnbyene laurdag kveld og kom på friluftskonsert med jazzgitaristen Amund Maarud på Todalshytta – og jammen fekk dei valuta for pengane. Med Amund var det ”full trøkk” frå første akkord og publikum «var med» under heile konserten, – der han kjørte sitt soloshow.
Les heile sakaDet er store urolegheiter både i Frankrike og i Tyrkia for tida, og mange er uroa over familie og venner som oppheld seg i desse områda. Vi har i dag vore kontakt med Ingrid Pedersen som no snart har vore ei veke i Alanya i Tyrkia saman med ektemann Dan Roger. Dei bur ca 1 kilometer utanfor sentrum av Alanya, og dermed langt unna urolegheitene i Ankara og Istanbul, og har ikkje opplevd noko dramatikk og uro så langt kan dei berolige.
Les heile sakaPå Todalshytta pågår det lydprøver for kveldens konsert. Da går nemleg Amund Maarud på scena med sitt soloshow på bakken framfor Todalshytta. Amund kom til Todalen fredag kveld og i dag har det vore rigging og lydprøver saman med Frank Botten frå DreamFarm lydstudio som har leid ut lydutstyr til konserten.
Les heile sakaSaka om skadeverket som er påført bommen ved Rossåa Settefisk er oppklart, fortel Per Gjeldnes ved Surnadal og Rindal lensmannskontor. Gjeldnes takkar media og publikum for nyttige tips for å oppklare saka, og syndaren har lova å gjere opp for skaden som er påført bomanlegget ved Rossåa Settefisk.
Mattilsynet har no innført forbod mot å legge ut fôr, samt å henge opp saltstein til elg og hjort. I forbindelse med sjukdommen Chronic Waisting Disease (CWD) har Mattilsynet laga ei hasteforskrift som gjelder frå å med 11.juni og ut året 2016.
Les heile sakaDenne veka har det vore stor aktivitet med reparasjon av kyrkjegardsmuren. Det har foregått i regi av soknerådet, og er finasiert med midlar som er kome inn som øremerka gåver til formålet. I dag vart prosjektet ferdigstillt og da var det feiring med blautkake og kaffe – ved kyrkjegardsmuren.
Les heile saka