Frå Jon Bruset fekk vi før helga tilsendt bilder frå Bjøråskaret der trimboka og lokket på oppbevaringsboksen er fordufta. Det er nok ikkje meir dramatisk enn at vinden har fått for god tak i lokket og teke med seg innhaldet. Plassen der boka er plassert er såpass godt gjømt, at fleire turgåarar ikke har funne denne gjøymeplassen.
Les heile saka
Saknar du vassflaska di? – På tur til Lauvåfjellet fann Brit Grønmyr ei slik flaske oppå Knuken. Glømte du vassflaska di da du rasta oppå Knuken, så har Brit teke vare på den, og du kan få den att ved å ta kontakt i Brit eller Eivind i Steinarstua!
I år har vi ingen eigen utegåande reporter under Norway Cup. Derfor låner vi nokre bilder frå Idrettslaget Søya, som har oppsummert første dag i verdas største fotballturnering på si heimeside. Søya/Todalen har i år spelarar på 4 lag med i turneringa. Eit KUST G13 9’er, eit STUK J14 7’er, eit STUK J16 og eit S/S/T J19.
Les heile saka
Ønskekonserten var det siste musikalske innslaget under årets Stangvikfestival med musikalsk mangfald. Med Trygve Brøske som programleiar fekk publikum ein Brahms-inpirert konsert med stor kunstnerisk variasjon. – Feira vart også det nye flygelet som Stangvikfestivalen har anskaffa saman med Vårsøghelga og Kulturskulen – med god støtte fra sponsorar.
Les heile saka
Fiskesuppa som serveres under Stangvikfestivalen er berømt – laurdag var det stor pågang på dei to suppestasjonane i Bondehuset i Stangvik. Det var salg både ute og inne, og ville du heller ha ein fiskeburger så kunne du få det eller berre kaffe og skuffekake.
Les heile saka
At Luftforsvarets Musikkorps har stor sjangerbredde har vi forlengst oppdaga, men dei går heller ikkje av vegen for å være med på litt artig og uhøgtideleg underhaldning. Laurdag ettermiddag deltok korpset i teaterforestillinga Musika Mobile saman med Cirka teater på Svisholmen til stor fornøyelse for både store og små.
Les heile saka
Det er lov å ha store forventningar når du går på konsert for å høre proffesjonelle musikarar. Laurdag hadde Luftforsvarets Musikkorps konsert i Stangvik kyrkje – 28 proffesjonelle musikarar, og faktisk det einaste proffesjonelle korpset i regionen – og dei innfridde forventningane.
Les heile saka
Fotballen rullar ikkje så ofte som før på Bordholmen. Lite ungar og samarbeid med IL Søya gjer at det meste skjer på Søyabanen. Men for å oppretthalde aktiviteten på det fine anlegget har idrettslaget no anskaffa utstyr til frisbeegolf. Dette er ein sosial aktivitet der ein konkurrerer om å bruke minst muleg kast på ein bane med 9 korger.
Les heile saka
Av og til er tilfeldighetene så utrolige, at det mest fantastiske skjer. -I dag har en årelang drøm gått i oppfyllelse, smiler James Edward Bruseth fra Texas. Han og kona Toni Turner har i flere år drømt om en Norgestur, for å finne ut mer om James sine røtter som stammer her fra Todalen. For det var alt han visste; navnet på bestefar Einar Bruseth som utvandret i 1912, og at han kom fra Todalen.
Les heile saka
Stangvikfestivalen har trekt mykje folk på arrangementa sine. – Både tjuvstarten med «Bunnlinja» på Gammelfabrikken og «Kommentarfeltet» har samla fulle hus og stor suksess. Laurdag fortsett festivalprogrammet med barneforestilling i Bondehuset og korpskonsert i kyrkja før det blir fiskesuppe utpå dagen. Etterpå fortsett programmet med utendørsteater på Svisholmen før laurdagsprogrammet blir runda av med «Laurdagskveld i Bondehuset». Bla vidare for å sjå laurdagsprogrammet.
Les heile saka
Fredag ettermiddag vart eit par svarte briller funne på vegkanten ytst i Brusetmelane. Brillene vart funne der stien opp til Hjellen startar. Brillene vil bli leverte inn på Matkroken laurdag føremiddag og kan hentast der.
Les heile saka
I dag tidleg var det redningsaksjon av kommunalt materiell på Kalkstranda i Surnadal. Ei kraftig uvêrsbyge over Surnadal i går kveld gjorde at stupetårnet som til vanleg er forankra ved Kalkstranda sleit seg. Dermed vart det eit litt anna redningsoppdrag som venta beredskapsvakta og medhjelparane i dag tidleg når dei måtte få tak i flytebryggja og taue ho på plassen sin igjen.
Les heile saka