Surnadal Golfklubb innkaller til ekstraordinært årsmøte og medlemsmøte på Thon Hotel Vårsøg den 21.november klokken 19.
Les heile saka
Surnadal Golfklubb innkaller til ekstraordinært årsmøte og medlemsmøte på Thon Hotel Vårsøg den 21.november klokken 19.
Les heile sakaI dag er det Halloweenparty i Gammelskulen. Dette er no ein årvis tradisjon i regi Justyna på Bjørli. Ho inviterer også i år til skummel samling for ungane der dei kan kle seg ut og leike i lag.
Les heile sakaI natt skal vi stille klokka tilbake ein time, og med det går vi tilbake normaltid – eller vintertid som det også kallast. Dette gir oss ein lysare start på dagen, samtidig som kvelden blir mørkare.
Les heile sakaMed uante millimetrar med nedbør i dag var det ikkje sjølvsagt at det vart noko stort oppmøte på strikkekaffeen i Sanitetshuset. Men oppmøtet var upåklageleg og damene kosa seg innomhus med strikking, kaffe og ikkje minst sosialt samvær. Her er det alltid kjekt å sjå kva for handarbeid dei andre driv med, og ikkje minst bli inspirert av erfarne strikkarar.
Les heile sakaOnsdag kveld inviterte Byggmakker Surnadal til «Damenes aften», eit arrangement som er blitt ein tradisjon og som er riktig populært for damer i alle aldrar.
Les heile sakaKammerset i Kulturhuset var fylt til siste plass da Helene Marie Nergård, leiar i Indre Nordmøre Senioruniversitet, i dag ønskte forfattaren Edvard Hoem velkomen til Surnadal. Ho presenterte han han som ein kunnskapsrik, engasjert, aktuell og produktiv forfattar.
Les heile sakaDet er snart ein månad sia vi har hatt regn av betydning, og NVE’s målar for vassføring ved Storfossen nærmar seg 0,5 m3 i sekundet. Da nærmar vi oss eit minimum, og det er sjeldan at det er så lite vatn i elva. Men no ser det ut til at det blir vêrforandring, for Yr.no har litt regn på lur i sine prognosar for dei neste dagane.
Les heile sakaDet har vore ei travel helg for mannskapet i Surnadal Røde Kors. Først med innsamlingsaksjon som samla over 302 000 i Surnadal kommune, som er eit skikkeleg krafttak frå innsamlingsgjengen som har gått frå dør til dør i heile kommunen. Deretter med fleirkulturell bygdekveld i storsalen i kulturhuset.
Les heile sakaMåndag var region- og næringsutvalet i Møre og Romsdal på visitt i Surnadal for å gjera seg litt kjent med kva kommunen har å by på av næringliv- og næringslivssatsing, der dei fekk informasjon av ordførar Lilly Gunn Nyheim, kommunalsjef Karin Halle, næringskonsulent Harald Bredesen og dagleg leiar Magne Løfaldli i SIV Inkubator. Etterpå var det tid for å ta ein rask runde for å sjå på noko av næringslivet i Nedre Surnadal
Les heile sakaI løpet av ettermiddagen og kvelden har alle bustader i bygda hatt besøk frå innsamlingsaksjonen som i år går til Røde Kors. I morgontimane måndag er det meste kome med i oppteljinga, og da er resultatet for Surnadal kommune kome opp i 302 583 og for heile landet er tilsvarande tal totalt 219 862 424 kroner.
Les heile sakaPå Geno sitt anlegg Store Ree på Hamar står det ein kjendisokse som kjem frå Viastua i Todalen. Vi laga ei sak om oksekalven som «dro ut i verda» i mars 2015 og sia har det vore stille. Men han kom inn i rullane til Norsk Rødt Fe hos Geno, og har gått gjennom mange testar og målingar. No har han gått gjennom den tronge nålauga til Geno, og vorte klassifisert som eliteokse og til og med ein av dei beste eleiteoksane av sitt kull
Les heile sakaLokale handledagar er det kvar dag hos Matkroken Todalen. Det er nettopp nærbutikk og kvardagsbutikk som er funksjonen til butikken, og det sett bygdefolket pris på – det viste dem sist laurdag. Og det skulle da berre mangle, for vil vi ha butikk i Todalen som må vi bruke den. Det bør også «hytte-todalingan» ha i tankane – alle må bruke nærbuikken til dagleg handel.
Les heile saka