Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stamfiske – sikrar gode todalsgener…

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. september 2016

Fisket etter stamlaks er forlengst i gang – det er tidlegare sikre 5-6 hofisker og eit par hanfisker. Torsdag kveld vart det ei ny ho og ein ny han fange, og no svøm alle rundt i sine respektive kar i Stamfiskhuset i Brusetmarka i påvente av prøvetaking og stryking.

Les heile saka

Til Vindøldalen på finvêrstur

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. september 2016

Torsdag gikk stavgangturen til Vindøldalen – ein flott tur i det fine vêret der det først var samling ved bommen for koordinering av transport opp til bommen ved Pebua. Herfrå vart det stavgang innover dalen langs vegen og elva, så langt den enkelte ville.

Les heile saka

Det har vore rør i 48 år – til jul er det slutt

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. september 2016

Den 2. september runda Knut Stavik 67 år, og vart pr definisjon fulltids pensjonist.  Da har Knut halde på med rør og rørleggjarfaget i 48 år – og det i eit og same firma. På same tida har firmaet skifta eigar 2-3 gong, og Knut seier at det har vore ein interessant arbeidsplass frå dag […]

Les heile saka

Mykje blir avgjort dei første minutta

Elinor Bolme Onsdag 7. september 2016

Eit fåtal møtte opp på Bordholmen i går kveld når Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening inviterte til gratis førstehjelpskurs. Kurset var arrangert for tredje gong, med kurshaldarane Olav Polden, Jan Ove Bævre og Ivar Bolme.

Les heile saka

Vandrefestivalen – starter innendørs

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. september 2016

Litt utradisjonel start på vandrefestivalen i år. Festivalhelga startar nemleg innendørs i Surnadal kulturhus fredag kveld, og starter alt kl 18.30 med fingermat og mingling. Men resten av programmet vil også dreie seg mye om mat, og det er verdt å ha med seg inspirasjonsforedraget til Andreas Viestad, som er ein av hovudpostane denne kvelden. – Bla videre så finn du meir informasjon om det offisielle åpninsprogrammet.

Les heile saka

Asfaltlegging og asfaltklatting ….

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. september 2016

I dag tidleg starta Veidekke med asfaltlegging på plassen framfor lagerbygget og elementfabrikken i Todalen. Heile plassen der er fylt opp og klargjort for asfaltlegging dei siste dagane, og det er rundt 2000 m2 med ny asfalt som legges. I tillegg skal asfalten repareres i Halsasvingen og nokre bitar på kommunevegen mellom Pilskaret og Øyabrua.

Les heile saka

Bygdebokkontoret kjem på fotografering i «gamle Stangvik»

Elinor Bolme Onsdag 7. september 2016

I fjor haust vart det fotografert hus til ny bygdebok i området Hyllbakkan til Røgrenda. Over helga vil representantar for bygdebokprosjektet fortsette med fotograferingsarbeidet i «gamle Stangvik». Dei startar ved vegenden på Brøskja og arbeider seg i retning Kvanne.

Les heile saka

Lokaloppgjør i favør Surnadal

Elinor Bolme Tysdag 6. september 2016

I kveld var det duka for nytt lokaloppgjør på Bordholmen. I denne kampen var det jentene i 12-årsklassen frå Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen 2 som møtte Surnadal 1. Begge laga var klar for seier når vi tok ein prat før start. Jentene frå Surnadal kunne fortelje at dei hadde vunne det meste heile sesongen. Seinast i helga, på Jentecup i Trondheim.

Les heile saka

Snart klart for ny Vandrefestival

Elinor Bolme Tysdag 6. september 2016

Førstkommande helg blir årets hovedarrangement under Norsk Vandrefestival arrangert. I år er temaet mat, med alskens variantar av utemat. Årets hovedbase er denne gongen ved Igeltjønna i Rindal. I løpet av dagane 8. til 11. september ser vi vel 30 ulike arrangement på agendaen. Alt frå kokkekurs, bokbad og frokost i det fri.

Les heile saka

Nye åpningstider

Elinor Bolme Tysdag 6. september 2016

Kårvatn Fjellutstyr AS melder no om endring i sine åpningstider framover. Frå og med denne veka har dei langope på torsdagar i staden for tirsdagar.

Les heile saka

J12 kamp på Bordholmen

Elinor Bolme Måndag 5. september 2016

I morgon blir det nok ein fotballkamp på Bordholmen. Denne gongen er det Kamp i klassen J12, der laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen møter Surnadal klokka 18. Kiosken blir open med bakels og graut og høve til ettermiddagskaffe for den som tek turen. Ellers kan vi også minne om førstehjelpskurset i regi Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening som også […]

Les heile saka

Frode Alnæs kommer til Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Måndag 5. september 2016

Lørdag 10. september kommer Frode Alnæs til Bøfjorden. Det blir en helt unik konsertaften i grendehuset denne kvelden, skriver Bøfjordnett på si nettside. – Frode vil servere musikk frå hele sin karriere og innimellom vil det garantert bli en god dose med humor også. Bli med og lage god stemning du også, oppfordrer Bøfjordnett på si nettside.

Les heile saka