Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Likar å ha kontakt med grasrota

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. juli 2017

Jenny Klinge likar å ha kontakt med grasrota – torsdag morgon var ho på plass i Viastufjøset kl 7.30,  for å delta i fjøsstellet.  Vi trefte Jenny i «fjøsmundur», og vart med på morgonstellet og frukosten etter på.

Bratt læringskurve for Jenny – her lærer ho å bruke mjølkemaskin. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Jenny er som senterpartipolitikar oppteken av å halde god kontakt med grasrota, og sette difor stor pris på at ho fekk være med og delta i morgonstellet i fjøset i Viastua, hos Ola Kvendset.
Jenny Klinge voks opp på gard i Østbødalen i Surnadal, der familien livnærte seg på sauehald. – Seinare vart det sauehald i kombinasjon med lakserøykeri, og etter Tsjernobyl-ulykka vart sauehaldet lagt ned på grunn av driftproblema som oppstod.
Og Jenny har sia sakna livet på garden, og den gode kontakten med dyra.

Litt råmjølk var nok godt for kalven som berre var eit par dagar gammel. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

I Viastufjøset fekk ho straks kontakt med kalvane til Ola, som sette pris på besøket frå Løvebakken. Her fekk Jenny også opplæring i bruk av mjølkemaskin – nokre kyr som nyleg hadde kalva blir nemleg mjølka manuelt, og det vart etter kvart ein bratt læringskurve med reingjering av jur, innhenting av mjøleprøver og påsetting av spenekoppar. – Dette hadde Jenny aldri prøvd før, men det gjekk bra og det vart mjølk i spannet. Jenny resonnerte litt på måten til Pippi, som brukar å seie at dette har eg ikkje prøvd før, så det får eg sikkert til.
Ola var dyktig til å informere om korleis arbeidet i fjøset arta seg, og forklarte korlei og kvifor ting vart gjort slik som det vart.

Jenny tykte denne måten å lære om jordbruket er veldig matnyttig, for vanlegvis så er det berre ei omvising og ein presentasjon om korleis ting er, og da er det veldig vanskeleg å finne ut kor skoen trykkjer og kva som trengs for eit livskraftig landbruk.

Mange tema vart drøfta rundt frukostbordet denne morgonen – frå venstre Håvard Halset (bondelaget), Ola Kvendset, Wenche Kvendset (kårkjerring/Viastua gardsprodukter), Edvard Bele Sæterbø (Senterungdommen) og Jenny Klinge. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Elles vart det sjølvsagt mange tema som vart diskutert gjennom dette morgonstellet og frukosten rundt langbordet på kjøkkenet etterpå. Kan berre nemne sjølvforsyningsgraden i Norge, rovdyrproblematikken i Trollheim, jordbruksoppgjeret, det langsiktige avlsarbeidet, forutsigbarheita i jordbrukspolitikken og mykje meir.

Etter at både negative og positive sider var drøfta rundt bordet kan vi konkludere med at det er ein positiv trend i jordbruket tross alt – det er mange som har lyst til å satse på ei framtid i jordbruket. – Difor er det viktig at vi gjer eit målretta arbeid med god kvalitet over tid, slik at vi får eit godt fundament å bygge på, slutta Klinge.

Kalvane som går ute på beite sette nok pris på ein ekstra godbit frå Jenny. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Smaksprøver på lefse og ei smørform, made in Todalen, frå kårkaill Gudmund Kvendset i Viastua Gardsprodukter. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. juli 2017, 17:03