Karen Johanne fikk skikkeleg respons på bakelsa da Kaffekroken hadde offisiell nyopning måndag. Da var det nemleg gratis kaffe og bakels med graut til alle som var innom butikken denne dagen. Eit par bøtter med bakslrøre og rundt 10 liter med smørgraut gikk fort unna…
Les heile saka
Første kløverturen i år vart arrangert måndag 13. februar, og turveret var strålande, sol frå skyfri himmel og nokre få, små varmegrader.
Les heile saka
Årets første vinnar av månadens bilete blei Randi Helene Husby med «Snart kommer sola». Vi gratulerer og lovar at premien blir overbragt ved første anledning. Vi treng stadig nye bilete, så send inn til oss på e-post red@todalen.no. Kanskje tek du turen til Kårvatn til helga og får eit fint vinterbilete?
Les heile saka
Ein flott kniv vart søndag funne ved gapahuken i Gunnøya. Er du den rettsmessige eigaren er det berre å ta kontakt med Wenche Kvendset, så får du att kniven.
I helga har det vore stor aktivitet på Bordholmen med den fine skøyteisen som ivrige karar har anlagt. Sidan det er minimalt med snø i bygda og utenkjeleg å arrangere skileik på Tjønnmyra inviterte like godt skigrupa til skøyteleik på Bordholmen i dag. Ungar og vaksne dukka opp og held det gåande i timesvis. Både med og utan skøyter.
Les heile saka
Reidar Østvik, Elvestad, ønsker alle velkomne til salgsutstilling i Skulstuå komande laurdag 18. februar kl 13-17.
Les heile saka
Minner om «Kløverturen» måndag 13. februar. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turen går innover skogsvegen frå Sanitetshuset. Så kan ein enten ta turen litt oppover til Løfta og Sissihaugen eller gå fram og tilbake. Tempo og lengde etter eige ønske. Alle er velkomne til å bli med ut på tur! Yr.no melder godt ver, 2 varmegrader […]
Les heile saka
5. runde med sjekk er tillyst i Kaffekroken i kveld, men på grunn av oppussing er 5. runde i sjakkturneringa flytta til Skulstuå (Gammelskulen). Her blir det start til vanleg tid, kl 19.30.
Les heile saka
Dei siste par dagane har Kaffekroken på butikken vore prega av handtverkarar og malingsarbeid. Det gamle og gulna panelet har fått både 2 og 3 strøk med lys og fin luktfri måling med Ted og Martin som dyktige penselførarar.
Les heile saka
Krattryddeaksjonen er i full gang – lag og organisasjonar i Todalen har gått sammen om å rydde kratt rundt vegkantane og laurdag var første dugnadsdagen. – Og dugnadsgjengen sette skikkeleg merke etter seg frå Svinviktunnelen og innover så langt dei rokk på ein dag.
Les heile saka
I morgen mellom klokka 12 og 14 inviterer idrettslaget med skigruppa som arrangør, til skøytedag på Bordhlmen. Isen er no i tipp topp stand og i dag har det vore full aktivitet av både små og stor.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforenning inviterer til den uformelle aktiviteten «korleis lage enkle og dekorative lerkehjerter» førstkommende tirsdag klokken 18 i sanitetshuset. Dette er i forbindelse med fastelavn som er søndag 26. februar, og foreninga skal i år selje fastelavnshjerter med fjør i nye fargevariantar i tillegg til dei tradisjonelle risa.
Les heile saka