Todalen IL har også i år teke på seg vakthald og billettsalg under fredagens arrangement på Norsk Laksefestival. I den anledning er leiar Steinar Frøystad på utkikk etter frivillige som kan være med å bidra til kjerkomne kroner i klubbkassa. Dei treng totalt ca 28 stk, fordelt på vakter og bilettsalg fra ca 19.30 – 02.00.
Les heile saka
Laurdag vart vi frista av ein annonse frå folkemuseet i Sunndal som ligg på Leikvin. Dei kunne by på vikingemarknad, der du kunne oppleve ein snev av livet så langt attende som i jarnalderen. Vi dro til Likvin for å sjå og oppleve dette…..
Les heile saka
Frå Britt Mossing, rektor ved Todalen Oppvekstsenter har vi fått ei lita helsing frå alle ulike aktivitetar som har foregått på skulen den siste tida.
Les heile saka
Vi er over på den første sommarmånaden, og det betyr også at vi skal stemme fram månadens bilete for mai. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Her finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden og kan stemme på din favoritt.
Les heile saka
Også i år vert det felles, stor pinsegudsteneste i Stangvik. Sokna i Stangvik, Surnadal, Rindal og Halsa er saman i denne gudstenesta, og representantar frå alle sokna vert til stades og mange aktive deltakarar vert å sjå og høyra i gudstenesta. – Nytt av året er at gudstenesta i endå sterkare grad får eit økumenisk preg da representantar frå den katolske kyrkja og den koptisk ortodokse kyrkja, som har regelmessige samlingar i Surnadal, også deltek aktivt.
Les heile saka
Neste torsdag, nærare bestemt torsdag 8.juni er det klart for ny RAUS-konsert. Der skjer i Todalen ungdomshus, og RAUS 2017 kan by på ei heilt utruleg artistliste, der du finner velkjente navn frå tidlegare RAUS-konsertar som Amund Maarud, Claudia Scott, Jeff Wasserman og Johanna Demker. Men vi finn også 7 nye namn på lista, fortel Eric Malling som er vert på Todalshytta og arrangør av låtskrivarseminar på Todalshytta i neste veke.
Les heile saka
Som så mange andre lag og organisasjonar har også todalen.no ordna seg med Vipps. Vi håpar no at denne enkle betalingsmåten skal gjere det lettare for todalen.no-patriotar å tegne støttemedlemsskap på 150 kroner i året. Medlemskontigenten både i støttemedlemsskapa og dei ordinære medlemsskapa for lag, foreningar og bedrifter blir bruka for å finansiere vidare drift […]
Les heile saka
Småtrolluka i Rindal er vel etablert, men har dei seinare åra vore nytenkande for å aktivere enda fleire unge. Dermed vart den nye aktiviteten «Småtrolluka 63 grader nord» i fjor ein realitet. Ei samarbeid mellom Småtrolluka (Rindal IL) og iTrollheimen.
Les heile saka
Dressering av hundar fra å jage bufe og klovvilt er ein viktig aktivitet ute i dei lokale jeger og fiskeforeningane rundt om i heile landet. Også hos Surnadal Jeger- og Fiskeforbund. I den anledning inviterer hundeutvalget i foreninga til saueavvenningskurs hos Bjarte Morten Røen 7. juni klokka 18.
Les heile saka
I løpet av juni er det plana at det skal flygast opp ny bru over Rossåa i Kvennsetdalen. I vinter gikk det nemleg isforr som ødela brua og tok med seg stålkonstruksjonane nedover elva. Når det kjem helikopter er det gusnstig at ein kan være fleire om oppdraget, slik at tilflyging kan delast på fleire og dermed få til ein billegare pris.
Les heile saka
Svinviksrunden har alt hatt besøk av over 650 StikkUt-sprekingar hittil i år. Torsdag vart det 28 nye navn i boka, da Surnadal pensjonistlags stavganggruppe la torsdagsturen hit til Svinvika. Med start og mål på parkeringsplassen, kunne den enkelte gå så langt dei ønska. Går du heile runden er turen på rundt 4,3 km etter veg – ein del etter gammelvegen i Kleiva, og elles går den etter Hjellnesvegen ned til Snøya og vidare ned til Nausta og vidare forbi Vika og tilbake til parkeringsplassen ved arboretet.
Les heile saka
Skuffelsen var stor da vi forrige uke dessverre måtte ut med meldingen om at festivalen ikke får besøk av tivoli i år. Jubelen stod derfor i taket da Thomas Tivoli nylig tok kontakt med ønske om å få til en løsning. Vi har kommet frem til en avtale, og Norsk Laksefestival har gleden av å […]
Les heile saka