Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet var innstilt frå 17.45 og utover til rundt 20-tida. Etter kl 20 har det vore normal drift, men sambandet kan bli innstilt igjen på kort varsel dersom tvertilhøva endrar seg, melder Fjord1.

Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet var innstilt frå 17.45 og utover til rundt 20-tida. Etter kl 20 har det vore normal drift, men sambandet kan bli innstilt igjen på kort varsel dersom tvertilhøva endrar seg, melder Fjord1.
Fotballgruppa i Todalen I.L. som er arrangør av julerevyen #ViÅ, har avlyst arrangementet i Todalen ungdomshus på grunn av dødsfall og sjukdomsforfall. Revyen blir sett opp att i påska 2018, men dato er enno ikkje bestemt enno melder fotballgruppa i T.I.L.
Les heile sakaNordvik grendalag inviterer til tradisjonell juletrefest i dag kl 14 i forsamlingshuset. Her blir det traktering og sosialt samvær for store og små. Kanskje dukkar nissen opp også?
Les heile sakaDa står det berre att å helse «God jul» til våre mange trufaste lesarar. Det har skjedd mange begivenheter i løpet av året, og vi har heile tida stått på for å formidle store og små saker til både innfødte og utflytta todalingar over heile verda – og sjølvsagt til alle todalsvener rundt omkring
Les heile sakaDet var ei flott og stemningsfull julegudsteneste i kyrkja i dag – med Kirsti Hjørnevik som liturg, Bernt Bøe som organist og musikalsk innspel frå Torgeir Leivdal på fiolin. Det var godt over hundre sambygdingar og tilreisande som deltok i årets julegudsteneste.
Les heile sakaTrimgruppa i Todalen idrettslag mobiliserer til romjulsmarsj 3. juledag. Etter eit par rolege dagar med mykje god mat, så er det godt å kome ut og bruke kroppen litt – og så er det sosialt, da. På runden rundt bygda kjem du garantert til å treffe folk du ikkje har treft på lenge, seier trimsjef Jorunn Nordvik til Todalen.no
Les heile sakaØvingane til julerevyen går for fullt, og no er også salet av revybillettar forlengst starta på Matkroken Todalen. Vil du ha litt kortreist underhaldning i julehelga, så er det berre å stikke innom Matkroken og kjøpe billettar til julerevyen #ViÅ som går i Todalen ungdomshus 3. juledag – 1. forestilling kl 15 og hovudforestillinga kl 20.00. Løp og kjøp, seier revysjef Anders Gjeldnes, som held i trådane for årets julerevy.
Les heile sakaFrode Alnæs (58) er en av Norges beste gitarister. Når han kommer til Surnadal 8. februar med sin nye gitarforestilling ønsker han å invitere en lokal gjestegitarist opp på scenen. Nå trenger han din hjelp til å finne den rette.
Les heile sakaTalgøkonsernet er ikkje berre møblar, elementbygg og royalbehandla trelast. – Lokalt er det også 3 Byggmakker byggevarebutikkar og eit hagesenter. Det siste året har det vore investert store summar både i Surnadal, Sunndal og på Tingvoll. Vi må ruste opp butikkane og passe på at vi heile tida er konkurransedyktig, seier konsernsjef Terje Talgø som vidare fortel at det er i nedgangstider ein skal ruste seg på oppgangstider. – Han fortel vidare at nedgangen som har vore i oljebransjen nok har dempa byggebransjen litt, men satsinga på hagehus og elementbygg i Talgøs byggdivisjon har klart å holde farten oppe i konsernets byggvarebutikkar.
Les heile sakaPå føremiddagen i dag var det 2 svaner på visitt på Austigardshauå. Dei kosa seg i nokre sølepyttar som har danna seg i regnet og snøsmeltinga som har vore dei siste dagane. Vi kan vel driste oss til å tru at dette er songsvaner, sjølv om vi ikkje kunne høre ein einaste lyd. Men vi reknar med å bli motsagt dersom dette ikkje stemmer.
Les heile sakaDet vart for tøft å få opna nyvegen forbi Kufalla til jul. Dei starta på denne veka med det som mål, men det er så store mengder med masse som må ut at nyvegen blir opna først på nyåret. No tek gjengen på vatn Maskinstasjon ein velfortent juleferie, startar på igjen så snart det blir nytt år.
Les heile sakaHeilt sia Øyabrua vart midlertidig stengt den 13. november, har det store spørsmålet i Todalen vore – kva skjer vidare med brua? Det kom kanskje litt stoms på kommunen også at Øyabrua var i så dårleg forfatning at ho måtte stengjast for motorkøyretøy. Rett nok har akseltrykket for brua vore sett ned i fleire år, men no er det altså kun gåande og syklande som får trafikkere brua. Kommunen vil sørge for brøyting av brua og tilførselsveg til slik bruk.
Les heile saka