Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mobiliserer til deltaking på romjulsmarsjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. desember 2017

Trimgruppa i Todalen idrettslag mobiliserer til romjulsmarsj 3. juledag.  Etter eit par rolege dagar med mykje god mat, så er det godt å kome ut og bruke kroppen litt – og så er det sosialt, da.  På runden rundt bygda kjem du garantert til å treffe folk du ikkje har treft på lenge, seier trimsjef Jorunn Nordvik til Todalen.no

Romjulsmarsjen går rundt bygda, med servering av gløgg og kakao ved Sandstad og på Bruset – der det er meldestasjonar. Elles reklamerer trimgruppa med flotte medaljer til alle som tek turen rundt bygda denne dagen. 

Publisert: 23. desember 2017, 15:48