Uttaket av masse i samband med utbetringa av vegen i Falla gir mykje overskotsmasse som kjem til nytte på fleire frontar. I fleire veker er det køyrt steinmasse til Nordvik, og denne veka blir det fylt opp på Kvennsetøran, like ved Talgøfabrikken. Det er mellom 1- og 2.000 m3 som skal fraktes hit, fortel Inge Skogheim, som er prosjektleiar for arbeidet.
Les heile saka
Surnadal Golfklubb kaller inn til årsmøte på Thon hotell Vårsøg, mandag 26. februar kl 19:30. Vanlige årsmøtesaker – bla videre for å lese mer…
Les heile saka
Surnadal kommune og Den Norske Kirke har hatt eit samarbeidsprosjekt som starta hausten 2015 og heiter «Samhandling på siste vakt». Prosjektet fekk fylkeskommunens Omsorgspris 2017 og vart som ein av tre kommunar i landet nominert til KS sin etikkpris.
Les heile saka
Styret i Surnadal Arbeiderparti kallar inn til årsmøte tysdag 20. februar kl 20:00. Det skjer på Kantina på Surnadal sjukeheim, og på agendaen står vanlege årsmøtesaker og enkel servering. Alle er velkomne til årsmøtet, melder styret.
Søndag vart prest Kristin Strand ønskt varmt velkomen av kyrkjelyden i Todalen. «Det er trygt og godt at vi no har fått fast prest i soknet vårt,» sa leiaren i soknerådet Britt Mossing da ho ønskte Kristin Strand velkomen.
Les heile saka
Laurdag kveld foregikk det flyging med drone i Husbygrenda. Men flygeturen gikk nok ikkje heilt etter plana, for drona hamna i eit tre – og vart hengande der. Drona kjempa for livet, for motorane gikk og det lyste i drona i fleire timar etter at ho krasjlanda i treet.
Les heile saka
Laurdag stod I.L. Søya som arrangør av sonerenn på Vang Skiarena, og samla heile 76 deltakarar i dei yngste klassane. Arrangementet var velsigna med finvêr og som venta var det yngste klasse – 8 år og yngre som samla flest deltakarar med 48 som fullførte den 500 meter lange løypa.
Les heile saka
Nytt år og tid for årsmøte, melder Surnadal Røde Kors, som har sendt ut innkalling til årsmøte for 2018. Det skjer i Røde Kors-huset på Bøvra måndag 12. februar kl 19.00.
Les heile saka
Mens vi her i Todalen for tia driv med holke og slaps er det andre todalingar som ferierer i varmare strøk. Gjermund Øysteinsson Moe har saman med eit vennepar tilbragt dei siste vekene i Sri Lanka. Gjermund har på oppfordring sendt oss eit innhaldsrikt reisebrev.
Les heile saka
Surnadal kino vil no vise film på fleire dagar og med eit betre utval enn før. Filmane om Per Fugelli og Winston Churchill er av dei som vil ha premiere i dei komande dagane.
Det vil, i alle fall ei tid framover, bli vist film fast på torsdag og laurdag. Og i tillegg vil det bli kino på dagtid. Som t.d. førstkomande måndag da filmen om Winston Churchill, «Darkest Hour», blir vist for første gong på kinoen. Filmen vil også bli vist måndag kveld og på andre dagar utover neste veke. Filmen er av dei som har fått flest nominasjonar til Oscar i år, m.a. som beste film og beste mannlege hovudrolle (Gary Oldman).
Les heile saka
Til no er det køyrt ut rundt 6000 m3 med stein og anna masse frå anleggsområdet i Falla, seier Gudmund Ole Vatn til Todalen.no. – Vi trur at den siste salva er skoten i dag, og no står det att utkjøring av massen frå den siste salva. Muligens må vi skyte ut litt i botnen for å jamne ut litt, men det blir berre småtteri i tilfelle. Dermed skal det være klart for å opne for trafikk av større bilar i veke 6, og etter kvart vil da trafikken kome i gang att som normalt.
Les heile saka
Søndag 28. januar kl 11, er det gudsteneste i Todalen kyrkje. Bli med og ta i mot den nytilsette presten Kristin Strand denne dagen, oppfordrar Todalen sokneråd, som byr på kyrkjekaffe etter gudstenesta. – Her blir det høve til å treffe og bli kjent med Kristin. P17-koret deltek også i gudstenesta denne dagen, og vil være med og gjøre stas på nypresten. Under gudstenesta blir det takkoffer til misjonsprosjektet.
Les heile saka