Frå i dag, siste søndag i mars, er det sommartid. Det vil seie at klokka skal stilles ein time fram. For den som spekulerer på kva veg klokka skal stillast, så er det ein enkel regel å hugse på at klokka alltid skal stilles mot sommaren. Da blir det ein time fram om våren og ein time tilbake om hausten.

Ny vannveg i Smålandsgrenda?
Nei da, det er berre alt vatnet som har samla seg på ekrene i Smålandsgrenda. Regn og snøsmelting har gjort at det er både mange og store dammar på åker og eng rundt bygda. I år er det skikkeleg tele, og dermed søkk ikkje vatnet ned. I kombinasjon med tette og frosne avløpsrør blir det lett problem.
Les heile sakaKyrkjepåska i Todalen
Tradisjon og fornying pregar dei to påskegudsteneste i Todalen i år. Skjærtorsdag kveld kl. 19.30 er det vandring i tekst og tonar gjennom høgtida. Andredagen kl. 12 blir det halde friluftsgudsteneste på Haugligardane.
Les heile saka
Tradisjonell «Kjerringdilt» på skihytta
Langfredag går det tradisjonelle påskeskirennet «Kjerringdilten» av stabelen på skihytta, melder Todalen idrettslag. Konkurransen, som går på idealtid, starter kl 13.00. Knut lover nystekte bakels og nykoka kaffe i kiosken. Det tas forbehold om «utvarran» vêr, står det i meldinga frå Todalen I.L.
Påskesjakk på kaffekroken
Terje Nordvik inviterer til sjakkveld i Kaffekroken palmesøndag kveld kl.19:30. Alle som har lyst til å bli med kan møte opp – har du brett, brikkar og klakke så kan du ta dei med. Vel møtt!

Går mot travel sommersesong på Talgø MøreTre i Todalen
På Talgø MøreTre ser vi alt no konturane av ein travel sommersesong, med stor aktivitet, seier Arne Rudningen, som er produksjonssjef for Talgø MøreTre si verksemd i Todalen. Men Talgø MøreTre er godt skodd til å møte ein travel sesong, for på nyåret er det installert både ny CNC-styrt sag og heil ny maskin for automatisk montering og spikring av rammer til byggelement og montering av gips- eller vindtette asfaltplater.
Les heile saka
Verdiløse menn kjem, kjem du?
Det nærmar seg med stormskritt til årets påskehappening i Todalen ungdomshus. Verdiløse Menn er booka til å spele etter revyforestilling på onsdag og dei gleder seg til å spele på onsdag. Dei minnast med glede sist gong dei var i Todalen og spilte for glade todalinger under julerevyen i 2016, skriv Knut Bergli i ein […]
Les heile saka
Balleiken tek fri, men gå gjerne på ski.
Balleiken som til no har vore arrangert på tirsdager for ulike aldersgrupper har avslutta aktiviteten til påske. Det blir ikkje oppstart etter påske, for da byrjar fotballsesongen så smått for dei aldersbestemte klassane etter kvart som banane blir klar til bruk.
Les heile saka
Ekstra med kino før påske
Sia kulturhuset er stengt i påska, vil Surnadal kino vise tre filmar både måndag og tysdag. Den veldig populære barnebokserien «Detektivbyrå nr. 2» inntar kinolerretet frå fredag av med «Operasjon Mørkemann». Filmen vil, i første omgang, gå kvar dag fram til og med tysdag.
Les heile saka
Biblioteket held ope på måndag…..
Surnadal folkebibliotek har gjort ein vri for å gi brukarane eit godt tilbod før påska startar for fullt. Kulturhuset opnar ikkje før kl. 12 i dei tre kvardagane før påske, og i tillegg er arbeidstida redusert på onsdagen før skjærtorsdag.
Les heile saka
Framgang – eit magasin for ein framoverlent region…
Frå Amfi Kreativ og Stig Husby har vi fått ein smakebit av den heilt nye utgåva av magasinet Framgang. Framgang utgis av Amfi Kreativ for Sunndal og Surnadal kommune og er ein del av SuSu samarbeidet. Som nokon kanskje har lagt merke til, så har namnet på magasinet vorte bytta frå Utpågang til Framgang. Stig […]
Les heile saka123 000,- til rent vann
Her er resultatet fra Surnadal og Rindal sin innsamling til fasteaksjon. Det rettes en stor takk til alle konfirmanter, frivillige og foreldre som deltok på innsamlingsdagen tirsdag den 20.03.18.
Les heile saka