IL Søya skal feire 100-årsjubileum til neste år. I den anledning etterlyser dei no gamle bilder frå smått og stort som er verd å ta med i ei jubileumsbok. Her nemner dei på si heimeside både klubbhusbyggjing, ulike arrangement, aktivitetar på Vang, husmortrim og anna som synleggjer breidda i det no snart 100 år gamle idrettslaget.
Les heile saka
Knøttetreningane startar opp att
Førstkommande torsdag startar fotballsesongen opp att også for dei aller minste. Dermed er det berre å ta fram knottsko, leggskinn og godt humør og møte opp til klokka 18 fortel Bjørn Gunnar Ansens.
Les heile saka
Det er mykkjy som kjem fram når snøen forsvinn…..
Etter ein lang og kald vinter er det fint å kunne rydde og rake vekk kvistar, lauv og gammel fynne. Det samles mykje rusk og rask i løpet av vinteren, og på kyrkjegardsdugnaden vart det atskillig mange trillebårlass rund på heile kyrkjegarden. – Vi var utruleg heldig som fikk så god hjelp til ryddedugnaden vår, sa soknerådsleiar Britt Mossing som kunne registrere eit førtitals deltakarar på kyrkjegardsdugnaden.
Les heile saka
Stavganggruppa startar utesesongen i Brøskjehagan
Torsdag 26. april kl 11.00 startar Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag årets første stavgangtur. Premieren er i år lagt til Stangvika og Brøskjehagan som vanleg.
Les heile saka
Skytetrening på den gamle jaktskytebanen…
No kjem den gamle jaktskytebanen i Dalavegen til heider og verdigheit igjen. Vi meiner banen der det i gamle dagar foregikk oppskyting til jakta, bortafor «Ytter brua» oppi Dalavegen. Det er den nystarta klubben Trollheimen Sportsskyttere som skal ha skytetrening der den 2. mai, fortel leiar i klubben Anders A. Karlsen til Todalen.no
Les heile saka
Bjøråskaret blir nytt turmål i Stikk UT!
Første mai startar årets Stikk UT!-sesong, og nedanfor ser du alle turane i Surnadal kommune. Det trykte Stikk UT!-kartet blir sendt til alle husstandar i løpet av veke 17. Om du ikkje får det i posten, kan du hente det på servicekontoret i kommunen.
Les heile saka
Talgø markerer seg på hagemessa på Lillestrøm
Det er delte meininger om kva som er vårens vakraste eventyr – det er nemnt både Holmenkollstafetten og saulamminga, men Norges varemesse på Lillestrøm nyttar slagordet i sin invitasjon til Hagemessa som opna fredag og har ope til og med søndag 22. april. Her er det 250 utstillarar som viser kva dei har å by på og Talgø MøreTre skjemmer slett ikkje laget.
Les heile saka
Utplassering: – Fekk god føling med yrkeslivet
Denne veka har 9.-klassingane ved Surnadal ungdomsskule fått prøva seg i yrkeslivet. Her i Todalen har vi fem 9.-klassingar som har hatt lokalt engasjement, og alle 5 har trivast på kvar sin plass, – og fått prøva seg på varierte og interessante arbeidsoppgåver.
Les heile saka
Allsidig kinoprogram framover
Og spennvidda er stor; frå gnomar til «genmodifisert» gorilla. Og kva skal ein seie om t.d. «The Death of Stalin», som tek for seg maktvakuumet i Sovjetunionen etter at Stalin døydde i 1953. Dette må da vere rimeleg trasige greier?
Les heile saka
Måndag kveld: Kyrkjegardsdugnad
Måndag 23. april frå kl 18 og utover inviterer Todalen sokneråd og kyrkjeverja til dugnad. Det skal ryddes vinteren, slik at områda rundt kyrkja kan framstå som vakre og velstelte til konfirmasjon og andre høgtidsaktivitetar utover våren.
Les heile sakaBli med på Kulturskulen
Kulturskolen på Indre Nordmøre har elevplasser i musikk, song, dans, drama/teater og kunstfag, og dei gjer seg no klare for eitt nytt skuleår frå hausten av.
Les heile saka
Mobiliserer for strandrydding – oppdatert
Hamos renovasjon bruker tradisjonelt å slå et slag for strandrydding. Denne tradisjonen føres videre, og dei oppfordrer folk til å rydde på strendene, og Hmos tilbyr gratis levering av plast og annet søppel du finner på strendene. Det har den siste tiden vært stor fokus på all plasten i havet, og det er fint om folk tar et tak for å samle inn det som reker i land på strendene vår kommune. Du kan lese mer om strandryddeaksjonen på Hamos egen «strandryddeside»
Les heile saka