Laurdag 30. juni er det Todalsdagen 2018 som står på kalenderen. Det skjer som vanleg på Bordholmen og som vanleg er det fotball som er hovedbudskapet på agendaen denne dagen. Det er fotball for dei alle minste – knøtter, miniputter og lilleputter, som står i fokus denne dagen – og heile dagen.
Les heile saka
På Nordvik startar feiringa av nasjonaldagen med folketog frå Oppistua og innover til Nordvik forsamlingshus, der det er både feiring, servering og tale for dagen. Leikar for borna er det også – og det skjer på Øygarden Stadion – rett i nabolaget.
Les heile saka
Sjølv om vi ikkje akkurat kan seia at det bugnar med blomster i Svinviks arboret enno, så er iallfall rododendronblomstringa i gang til opninga i dag. Sjølv om det er lunt og godt i arboretet er nok våren litt på etterskot enno i år, men med fleire fine sommardagar så skjer ting fort i arboretet no.
Les heile saka
Også i år skal Nordvik grendalag arrangere den tradisjonelle sykkeltrimmen og inviterer derfor til ei sosial samling på Øygarden kvar søndag i perioden fra 13. mai til 19. august.
Les heile saka
I år opnar Svinvik Arboret den 12.mai og har ope 5 dagar i veka heile sesongen, frå onsdag-søndag. Onsdagane i juli er det langope til klokka 20.00. Ellers er det stengt på 17. mai, men ope alle dagar i pinsehelga.
Les heile saka
Basert på registrering av vassføringa i Toåa i perioden frå 1974 til 2015 så definerer NVE 74,0 m3 i sekundet som middelflaum. På morgonkvisten i dag var vassføringa oppe i 74,7 m3/sek, og dermed var vassføringa på flaumnivå før den begynte å gå ned igjen.
Les heile saka
I dag starta Talgø lagersalet på Vintra. På det 20.000 m2 store lageret som fungerer som lager for alle Talgøselskapa, er det dei neste dagane gjort om til eit gigantisk lagersal, der restar av møbelseriar og utgåande modellar, hagemøblar, inner- og ytterdører og mykje anna lagt ut til eit gigantisk restesal som varer tre dagar til ende.
Les heile saka
For Olaug Kvendset stod valet mellom å satse vidare eller å gi seg med mjølkeproduksjonen. Valet vart det siste, og heilt sia i fjorhaust har gardstunet på Utigard Kvendset vore prega av byggeverksemd. Frå påske har det vore full trøkk på fjøsbygginga, og mesta før telen var borte starta Hallvard jr, Aasmund og Asgeir med grunnarbeidet og riving av dei gamle tårnsiloane, fortel Olaug. Med dette arbeidet hadde dei god hjelp av Per Gjeldnes Maskin. – For å få plass til bygge saman det nye mjølkfjøset med det gamle fjøset, måtte også Lundebekken flyttast og leggast i rør.
Les heile saka
I går kveld var det to kampar i aldersbestemte klassar på Søyabanen. G10 Søya/Todalen møtte først eit sterkt sunndalslag som tok leiinga frå start til slutt. Etterpå var det J10 Søya/Todalen som også møtte eit sunndalslag. Dette vart ein langt meir jamnare kamp, som til slutt endte uavgjort.
Les heile saka
Et annerledes medlemsmøte for pensjonistene i Surnadal i dag. Det startet i lokalene til Surnadal Billag AS. Vi fikk en grei orientering om hva som skjer i de gamle lokalene. Og det var svært interessant å høre på de to eierne, Jon Arne Mogstad og Martinus Grimsmo som for tre år siden kjøpte hele greia for ei krone!
Les heile saka
Tyske turistar har ved eit uhell fått eit garn på kroken i Todalsfjorden ved Nordvik. Dei søker no etter eigarmannen og beklagar sterkt at dei kom i skade for å dra opp garnet. Det er inga merking på garnet, men dersom det er nokon som kjenner det att, så er det berre å ta kontakt […]
Les heile saka
På grunn av alle helgedagane var stavgangturen flytta fra til onsdag – og da samla stavganggruppa seg ved Sjøleet på Nordvik, og stavgangturen gikk etter vegen utover forbi Sjøtrøa og til Haltbakkan før dei snudde nasen heimover igjen. På tilbaketuren var det ein lang og god kafferast i gapahuken til Magnar Gjeldnes, før turen gikk […]
Les heile saka