I dag er det nok dent nye statsbudsjettet for 2019 som har vore det store samtaleemnet. For Møre og Romsdals del er ikkje det så mykje å skryte av og spesielt ikkje på samferdselssektoren. Ordførar Lilly Gunn var rett og slett frustrert på Møre og Romsdals vegne – berre 20 mill. til nye vegar, men ho tykte det var positivt at den posten i sin heilhet gikk til E39 på strekninga Betna – Stormyra da om enn sterkt forsinka.
Les heile saka
Søndag 21. oktober er det klart for ein ny, stor nasjonal dugnad – TV-aksjonen «Mindre alene sammen», som samlar inn pengar til Kirkens Bymisjon og deira store satsing som er ein dugnad for fellesskapet. For dei som manglar ei seng å sove i og som kanskje står utafor både arbeidslivet og familielivet og det sosiale […]
Les heile saka
Som eit ledd i vidare utvikling i konsernet kjøper Talgø 75 % av aksjane i entreprenørfirmaet Tradbo As frå M. Romuld & Sønner AS. Talgø vil med dette kunne tilby totalentreprise i samband med levering av elementbygg frå eigen elementfabrikk, og med Tradbo som utførande entreprenør, skriv Talgø Invest i ei pressemelding.
Les heile saka
Indre Nordmøre Forsvarsforening arrangerer ope møte 22. november. Lars Rognan frå organisasjonen Folk og Forsvar kjem og held foredrag om matsikkerhet, nettsikkerhet og falske meldingar, og det blir servering av kaffe og vaflar med tilbehør.
Les heile saka
Du hører han på riksdekkande radio kvar einaste dag. No kjem han også «heim» med fullt band! Jo Sverre syng «kvalitetspop med refrenger som lurer seg uungåelig inn i hjernen», skreiv Adresseavisen.
Les heile saka
Måndag 8. oktober blir det Kløvertur utover Haltbakkvegen. Her er det fin grusveg og ikkje bratt.
Les heile saka
Denne helga er det tradisjonell messe for salg av sportsutstyr i Grieghallen i Bergen. Det er Kårvatn Handelskompani som har delteke på salsmessa til Platoubutikkane som dei er leverandør eller rettare sagt grossist. Til saman har det vore rundt 12.000 besøkande innom Grieghallen på fredag og laurdag, og Gudmund Kårvatn og Sondre Ormset som har representert firmaet der kan rapportere om bra besøk på standen og godt sal av ski.
Les heile saka
Det artige bilete av presten i epletreet vart favoritten til folket, og september sitt vinnar bilete
Les heile saka
Onsdag kveld var prosjektgruppa i Toåa Tursti på ny befaring. Denne gongen saman med fleire berørte grunneigarar, entreprenør Per Gjeldnes og prosjektgruppa. Prosjektet er no inne i fasen med å få ein godkjent tippemiddelsøknad, kor Todalen IL er søkar. Då må alle tenkte kostnadar være dokumentert og godt planlagt, og denne kvelden var det deler av arbeidet med tilrettelegging av den planlagte turvegen frå Bønnavollen og ned til Båthølen, samt plassering av gapahuken som var på agendaen.
Les heile saka
Surnadal kino vil gjera sitt til å gi eit best muleg tilbod i haustferien og vil, stort sett, vise tre filmar kvar dag til og med søndag 14. oktober.
Les heile saka
Den opprinnelige planen for dagens stavgangtur var Folldalen og Gråhaugen, men værmeldingen ga tidlig varsel om mer vinterlig klima i fjellet. Derfor ble det nye planer og opplegg for en tur i nærområdet på Skei og oppmøte ved Kulturhuset.
Les heile saka
Biblioteket skal moderniserast, og treng hjelp til å lime inn nye kort med strekkoder i alle bøkene. Fint arbeid for oss pensjonistar no i haustvêret. Enkelt, innahyses arbeid, og vi får kaffe, skriv Kristian Ranes i pensjonistlaget, som vil ha påmelding på telefon 995 30 263 snarast!