Feltleiar Monica Svendsen frå NTNU Vitenskapsmuseet la ikkje skjul på at ho er spent på kva dei kjem til å finne, når dei no fortsett utgravingane på Øygarden bustadfelt. På seinsommaren var dei her og gjorde funn av fleire røysfelt, og det er gode sjansar for at det er gravfelt seier ho. – Sist dei […]
Les heile saka
Surnadal pensjonistlag inviterer til det tradisjonelle julemøtet med middag på Nordmøre Folkehøgskole tirsdag 4. desember kl. 13:00
Dei byr på underhaldning, tale av ordføreren, utdeling av eldrearbeiderprisen for 2018, song og musikk.
Les heile saka
Laurdag 24. november er ein dag alle jaktinteresserte må merke seg. Da arranger nemleg Surnadal Jeger og Fisk i samarbeid med avisa Driva ei gevirutstilling i Todalen ungdomshus, der det er muleg å få bedømt gevir av elg, hjort, rådyr og villrein. Har du eit flott gevir «på lur» og er litt i tvil om kor mange poeng det kan skåre, så ta det med og kom til Todalen ungdomshus der det er utstilling mellom 10 og 16.
Les heile saka
På Tjønnmyran er alt klart for å ta i mot den første snøen. Det er nok både store og små skientusiastar som ventar på den første snøe, slik at dei kan kome i gang med skitrimmen. Men sjølv om snøen manglar så er det muligheter i lysløypa – du kan nemleg ta trimmen til fots! Og det er det faktisk mange som nyttar høvet til, for det var mange fotspor rundt etter traseen.
Les heile saka
I disse dager jubileres det på Coop Extra på Skei. Det er Anne helene Halset og Elin Margrete Dyrli som har fått ei påskjønning for 30 år i Coop si teneste. I tillegg har Inger Gjeldnes Bergheim fått ei påskjønning for 25 års teneste.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening melder at dei har fine adventskalendrar til sals. Det vil sal av kalendrane på Halsbua fredag 23. november frå kl. 11.00 til 17.00.
Les heile saka
I går kveld var det basarsøg i Myrvang under Idrettslaget Søya sin årlege basar. Ikkje berre hadde dei eit overlags basarbord å by på, dei hadde også utallige rundar åresalg, premiering av ivrige trimmarar og utdeling av diplom og pokal til dei yngste fotballspelarane.
Les heile saka
Måndag etter skuletid (16-18) kjem Isak Drøpping til Matkroken Todalen for å selje adventskalendere for alpingruppa i SIL. I vinter blir det KM i Sæterlia, og alpingruppa satsar maksimalt – pengane av kalendersalet går til treningsutgifter og klubbutstyr som gruppa brukar i renn.
Les heile saka
Det er heilt utruleg, sa leiar John Moe, da ha ønska over hundre deltakarar velkomne til boksleppet til Todalen historielag på Gammelfabrikken. – Det vitnar om at det er stor interesse for bygdehistoria, og at todalingane er flinke til å ta vare på historia si.
Les heile saka
Fabian Østigård Ness er i skrivande stund på samling på La Manga for U20 landslaget og stiller i troppen som skal spele mot Frankrike i morgon. Fabian sjølv tek det heile med ro, og ønsker ikkje så mykje publisitet rundt dette. Litt må han tåle, da det er mange som har relasjon til han også her på traktene og tykkjer dette er stas.
Les heile saka
Tradisjon tru blir det eit arrangement hos Kårvatn Fjellutstyr AS før skisesongen verkeleg brakar laus. 22.-24. november inviterer dei til gigantisk vinterkickoff på låvebutikken. Her blir det salg med minimum 25% rabatt på heile butikken.
Les heile saka
Surnadal Golfklubb minner om det ekstraordinære årsmøte i klubbhuset på Mo 19. november kl 19.30.
Hovedsaken er å vedta kontingent og priser for sesongen 2019.
Les heile saka